I april for to år sidan tok Erlend Brattabø over drifta av garden øvst i Krossdalen. Han høyrer til sjette generasjon sidan frådelinga i 1866, og er yngstemann i ein syskenflokk på fire.
- Eg er interessert i landbruk, dyr og maskiner. Det var eit naturleg val, seier 25-åringen.
Det har truleg vore drive landbruk i Krossdalen sidan 1600-talet. Ifølgje Brattabø er det framleis drift på alle gardane i den frodige dalen under Folgefonna. Jordbrukstradisjonen i bygda lever, og den unge gardbrukaren gler seg over å få vera med på å føra tradisjonen vidare.
Far til Erlend, Asbjørn Brattabø, tykkjer det er stas at sonen vil vera bonde.
- Klart dette er kjekt, seier han.
Ny bustadFaren har overlate garden til sonen, men tek framleis eit tak når det høver. Det manglar ikkje arbeid på garden.
Snart flyttar Brattabø, ektefellen Elin Eide og dottera Else inn i flunkande nytt hus på gardstunet. Han har hatt nok å gjera i vinter, i tillegg til arbeidet i Mesta AS og anna maskinarbeid.
Grunnarbeidet har han gjort sjølv, medan innleigde snikkarar har