Khrono
19.05.2023
Å straffe folk for sjølvplagiering går også i mot ein del av det som er høgskulens misjon: Å lære studentane å argumentere og skrive godt.
Gisle Selnes ved UiB og Bjørn Myskja ved NTNU har reist ein viktig diskusjon i Khrono etter at ein student i pedagogikk ved vår høgskule tapte rettssaka mot departementet om å ha brukt opp att to avsnitt frå ei oppgåve som ho tidlegare hadde stroke på. Det er snakk om 341 ord med ganske høg likskap mellom tekstbitane, men ho refererer til originallitteraturen i desse avsnitta som ho skal.
Les merDet er såleis snakk om såkalla sjølvplagiering, men er dette eigentleg eit akademisk brotsverk på linje med plagiat?
Plagiat er «å stjele hele eller deler av andres arbeid og fremstille det som sitt eget» (Forskningsetiske retninglinjer for samfunnsfag og humaniora, s. 17), men sjølvplagiering er at ein brukar sin eigen tekst opp att. I forskingssamanheng er dette veldig vanleg, men det er berre ein mildt kritisert praksis. Dette må elles ikkje blandast saman med republis