AddToAny

UiO vil ta opp insektstriden med Kunnskapsdepartementet

UiO har ingen planar om å levera 100 000 insekt tilbake til Norsk institutt for bioøkonomi på Ås med det første. NIBIO-direktør Nils Vagstad har allereie planane klare for flytteprosessen.
Det var sist sundag det blei kjent gjennom Khrono at Landbruks- og matdepartementet og Kunnskapsdepartementet hadde tatt ei avgjerd til fordel for Norsk institutt for biøkonomi i insektkrigen med Naturhistorisk museum og UiO. Departementa ber UiO om innan 1. desember å levera tilbake 100 000 insekt som museet overtok frå Nibio frå 2005.

- Har kome meg for øyret ganske nyleg

Sjølv om heile insektsamlinga på Tøyen har 1,45 millionar ulike insekt, nektar UiO å gi frå seg dei 100 000 utan sverdslag. For no har saka kome på rektor Svein Stølens bord.

- Ja dette er ei problemstilling som har kome meg for øyret ganske nyleg. Me fekk eit brev frå Kunnskapsdepartementet den 29, juni.. Før det har ikkje eg som rektor, vore involvert i dette, seier han til Uniforum.

Stølen peikar på at denne saka har ei historie heilt tilbake til 2004. Og både i 2004, 2008 og 2013 inngjekk UiO og Norsk institutt for bioøkonomi avtalar som har gjort det mogleg å ha insektsamlinga til NIBIO integrert i samlinga til Naturhistorisk museum på Tøyen. UiO-rektoren trekkjer fram at avtalane klargjer at Naturhistorisk museum har forvaltningsansvaret for samlingane, men at begge partar har full bruksrett og fri tilgang til samlingane.

- Så eigentleg vil begge partane ta vare på samlingane. Dei er ein viktig del av det biomangfaldet me vil ta vare på i Noreg. Det er ikkje minst viktig fordi me veit at koplinga mellom klima og biodiversitetskrisa trugar norsk landbruk og mattryggleik. Derfor er det viktig å ta vare på slike store samlingar etter museumsetiske regelverk og internasjonale standardar. slår han fast.

- Me ynskjer å finna ei løysing

Stølen understrekar også at dette handlar om open vitskap og at UiO har eit nasjonalt, langsiktig ansvar for å ta vare på samlinga og sikra objekt frå norsk biomangfald for ettertida.

- Dette er ei vanskeleg problemstilling, men me ynskjer gjerne å finna ei løysing på ein klok måte, slik at me kan ta vare på det som er viktigast, nemleg samlinga. Eg er overtydd om at det er mogleg å få dette til i samarbeid.

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt