Mannen bak er Jan Inge Reilstad. Han var tilsett ved Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger (UiS), men sa opp jobben der for å drifta debatt- og litteraturhuset, som altså heiter kverulantkatedralen.
- Eg trur ikkje ein kunne fått til dette innanfor rammene av eit universitet, seier Reilstad.
- UiS hadde noko dei kalla UiS debatt, som mange var lettare oppgitt over. Men no har me fått bruka UiS sin kunnskap og nettverk til noko breiare og opnare.
UiS-rektor med på laget
Stavanger var ein konsensusby, seier Reilstad. Politisk hadde byen hatt same parti ved rattet i 25 år, og det var ikkje noko særleg offentleg debatt. Men det var ein utelivsby; for øldrikkarar.
- Stavanger hadde ikkje tilbod til modne menneske på kveldstid, menneske som var interesserte i noko anna enn å berr