Khrono
08.04.2023
Regjeringa må fullføre jobben med å gjere Campus Nesna om til nasjonalt senter for distriktsretta utdanning og forsking, slik dei har forplikta seg til i Hurdalsplattforma, meiner Gunnar Aarstein i Landslaget for nærmiljøskolen.
Opprøret på Helgeland greidde, med støtte frå Senterpartiet i ny regjering, å snu Nord universitet sitt vedtak om å legge ned hundre år med lærarutdanning på Nesna. Det står det respekt av! I tillegg skulle Campus Nesna gjerast om til nasjonalt senter for distriktsretta utdanning og forsking, med oppstart vinteren 2022. Det siste har enno ikkje skjedd. No må regjeringa fullføre jobben, slik dei har forplikta seg til i Hurdalsplattforma.
Les merNord universitet er i gang med «Utviklingsprosjekt Nesna 2022 - 2023». Men mandatet seier at «prosjektet skal ikke jobbe med nasjonalt senter for utdanning og forsking, som KD har ansvaret for»! Og frå Kunnskapsdepartementet er det førebels stille. Det uroar Landslaget for nærmiljøskolen. Det uroar også dei mange distri