AddToAny

Skjermbiblioteka

Skjermbiblioteka
Mens ungdom les mindre og mindre, tek skulane i større og større grad fram skjermar i timane. Fleire bibliotek følger på, men biblioteka må ivareta rolla som ein stad som tilbyr papirbøker, lange tekstar og ro. Det er det som er utrydningstrua, meiner leseforskar.
Nettbretta har gjort sitt inntog i undervisninga heilt frå fyrste klassen på skulane. På biblioteka kan ein låne fleire og fleire digitale verktøy, og den litt støvete PC-en i hjørnet har fått selskap av brett og skjermar i fleng. Men biblioteka må også hegne om rolla som heim for trykte bøker og djup lesing, meiner professor ved Lesesenteret, Anne Mangen. Ho forskar på kva effektar skjermbruk har på lesinga vår.
- Det som er av forsking viser at leseforståinga er dårlegare på skjerm enn på papir, spesielt for lengre tekstar der ein må scrolle eller bla, seier Mangen.
Likevel kjem det fleire og fleire skjermar inn i undervisninga til barn og unge, samstundes som dei les mindre og mindre på papir. Mangen oppfordrar til å gjere ein innsats for å bevare papirboklesinga, i staden for å kaste seg på all ny teknologi som kjem på marknaden.
- Dei digitale verktøya er sjølvsagt kome for å bli, det er ikkje snakk om å vende ryggen til den. Men papirboka blir meir og meir marginalisert, og sidan me veit at lesing på papir har mange fordelar, trengs ein større innsats for å behalde den. Den fysiske boka har ein verdi og eigenskaper som den digitale teknologien ikkje gir oss i dag, seier ho.

Mister konsentrasjonen
- Djuplesing, det å lese i full konsentrasjon over tid, er ein utdøyande aktivitet. Biblioteket har ei nesten unik rolle som tilbydar av det i dag, fortel Mangen.
Det viser også intervjuet med ungdom på Årstad Videregående Skole i denne utgåva av Bok og bibliotek. I prosjektet der alle som går fyrste året skal lese ein hal
Gå til mediet

Flere saker fra Bok og bibliotek

For 16. år på rad gir Fritt ord tilskudd til litteraturformidling i bibliotek. 76 bibliotek søkte, og 40 av dem får støtte til arrangementer om norsk sakprosa.
Bok og bibliotek 21.09.2023
Norsk Bibliotekforening blir ikkje med på den internasjonale bibliotekkongressen til neste år, og oppmodar andre norske medlemer til også å droppa deltaking.
Bok og bibliotek 15.09.2023
Fra og med 2026 bevilger regjeringen i nabolandet vårt til 433 millioner SEK per år for å sikre at alle elever har tilgang til bemannede skolebibliotek.
Bok og bibliotek 15.09.2023
Første episode i sesong tre av Podkasten Bok & bibliotek er ein scenesamtale frå Kulturytring 2023 om kvardagsmakt i bibliotek, arkiv og museum.
Bok og bibliotek 15.09.2023
Kunst, herunder litteratur, skal ikke være nyttig. Kunsten skal være grenseoverskridende, rebelsk, frigjørende, oppskakende. På sitt beste tar den fra deg nattesøvnen.
Bok og bibliotek 05.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt