BUSKAP
31.03.2023
Strandsvingel er ein spennande grasart som er betre enn fleirårig raigras når det gjeld overvintring, toleranse for tørke og under svært våte forhold. Tilrådinga er å teste litt på eigen gard for å sjå korleis strandsvingel fungerer.
Strandsvingel er ein varig treslåttsart med eit kraftig og djupt rotsystem som er kjent for å tole både tørke og flaum. Strandsvingel etablerer seg sakte, men har god gjenvekstevne etter slåttane. NutriFibre® er basert på mjukblada strandsvingelsortar, utvikla av Royal Barenbrug-gruppas internasjonale avlsprogram «gras til høgproduktive mjølkekyr» i Nederland.
75 prosent strandsvingel
Blandinga med NutriFibre som blir selt i Noreg inneheld 75 prosent mjukblada strandsvingel (tre ulike sortar), 15 prosent fleirårig raigras og 10 prosent kvitkløver. Dei dominerande strandsvingelsortane og raigraset i blandinga frå 2022 er ikkje testa ut på Vestlandet. Nutri-Fibre-blandinga frå 2021, som inneheldt blant anna strandsvingelsorten Barolex, ser ut til å ha usikker og varierande overvintring, både i Noreg og Finland. Barolex var ikkje ein del av 2022-blandinga.
Kva blanding kan du bruke?
Barenbrug reklamerer bl.a. med at «eit treårig forskingsprosjekt (NL) demonstrerer at
Gå til mediet75 prosent strandsvingel