AddToAny

OUTSIDEREN

Det finst verdiar som ikkje kan målast i pengar. Dei fleste økonomar forstår ikkje dette, meiner Joan Martínez-Alier.
JOAN MARTÍNEZ-ALIER
Professor emeritus ved Institute of Environmental Science and Technology, Universitat Autònoma de Barcelona (ICTA-UAB).

Den nyklassiske økonomien som dominerer på samfunnsøkonomiutdanningane, er dei seinare åra blitt utfordra av folk som ønskjer seg meir fleirfaglege perspektiv på økonomi for å gjere faget betre rusta til å handtere til dømes sosioøkonomisk ulikskap og klima- og miljøspørsmål. Joan Martínez-Alier har mykje av skulda for det. I juni mottek han som første økonom Holbergprisen for framifrå forsking innan humaniora, samfunnsvitskap, jus og teologi. Prisen blir administrert av Universitetet i Bergen, og prisvinnaren deltek på ei lang rekkje faglege arrangement i samband med prisutdelinga. Samstundes har juryen fått kritikk for å gje prisen til ein forskar som opererer utanfor hovudstraumen i økonomifaget.
- Då pristildelinga vart annonsert, var hovudreaksjonen frå norske økonomar at «han har vi aldri høyrt om». Er det ein reaksjon du er van med?
- Eg har kollegaer i Noreg og Skandinavia innanfor økologisk økonomi og politisk økologi som eg har kjent sidan 1990-talet, og som godt veit kven eg er. Men det finst eit skilje mellom konvensjonell økonomi og miljøforsking. Økonomar brukte lang tid på å bli interesserte i miljøspørsmål. Og sjølv når dei er interesserte, har dei oftast som mål å bringe miljøspørsmål inn i eit rammeverk for økonomisk verdsetjing. Fokuset på rasjonal
Gå til mediet

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt