Arkitektnytt
06.01.2017
Tettleik- og høgdedebatten er basert på utdatert modernismekritikk, meiner arkitekt Mirza Mujezinovic, som har forska på storskalaarkitektur. Mirza Mujezinovic Utdanna arkitekt frå NTNU, oppvaksen i Banja Luka i Bosnia-Hercegovina.
Disputerte nyleg med doktorgraden The Architecture of the Urban Project ved AHO, med Karl Otto Ellefsen og Jonny Aspen som vegleiarar. Avhandlinga undersøkjer storskalaarkitektur i norsk byutvikling mellom 1960 og 1980, i modernismekritikarane si storheitstid. Mujezinovic har sjølv erfaring med storskalaarkitektur i Wien med eit større bustadkompleks han vann Europan 8 med, og som for tida er under oppføring. Mujezinovic driv eigen praksis, Oslo-baserte MALARCHITECTURE.
Les merKritikken av modernistisk byplanlegging har øydelagt for storskalaarkitekturen. Modernistane si manglande forståing for byen sin kompleksitet er ikkje lenger dominerande, og dagens arkitektar har den naudsynte forståinga. Det seier arkitekt Mirza Mujezinovic, som nyleg disputerte ved AHO. Doktorgraden The Architecture of the Urban Project diskuterer storskalaarkitektur, som er byarkitektur som påverkar omgjevnadene utover den enkelståande bygningen, til dømes Barcode eller St. Olavs hospital.
Dei rette spørsmåla
Kritikarar av modernismen, som Jane Jacobs