Magasinet for fagorganiserte
04.03.2023
Dei lager og serverer mat til den store gullmedaljen. Men når det kjem til tariffavtaler står det dårlegare til. 13 av 14 norske Michelin-restaurantar har ikkje felles avtaler om lønns- og arbeidsvilkår.
TRONDHEIM: På Credo er det full fres på kjøkkenet eit par timar før restauranten opnar. Vaktelegg skrellast med konsentrasjon og stødig hand. Lokale råvarer blir behandla med perfeksjon. Ein av kokkane på kjøkkenet er Joakim Østlyng som har jobba her i fem og eit halvt år etter å ha gått læretida og tatt fagbrevet i same restaurant.
- Eg trivest veldig godt her, smiler han.
Østlyng er også ein av fire Fellesforbundet-medlemmar blant dei 35 tilsette.
Men tariffavtale med Fellesforbundet har restauranten ikkje.
Faktisk har berre éin av 14 norske restaurantar både tariffavtale og Michelin-stjerne. Det viser ei undersøking Magasinet har gjort. Ingen av dei andre har tariffavtale med Fellesforbundet, og ingen har svart at dei har tariffavtale på ei spørreundersøking vi har sendt ut.
Michelin-stjerner er det ypparste kvalitetsstempelet for restaurantar, mens ei tariffavtale er ei felles avtale mellom arbeidsgivar og tilsette om lønns- og arbeidsvilkår.
Den einaste restauranten med både tariffavtale og Michelin-stjerne er Speilsalen i Trondheim
Les opprinnelig artikkel- Eg trivest veldig godt her, smiler han.