Samandrag
Introduksjon: Kjernemuskulaturtrening har blitt nytta som eit supplement til anna trening i idretten. Den vitskaplege evidensen om temaet har auka betydeleg det siste ti-året og blitt omfamna og konseptualisert av klinikarar, treningsbransjen, mosjonistar og idrettsutøvarar.
Hovuddel: Artikkelforfattarane til artikkelen «Kjernemuskeltrening lover mer enn det kan holde: En forsknings- og erfaringsbasert gjennomgang» retter kritikk mot den vitskapleg dokumentasjonen av effekten av treninga for å auke prestasjon i idrett og mot å førebygge ryggplager. Mykje av kritikken støtter vi, men ei rekkje ting er også upresist uttrykk. Dette gjeld spesielt idrett og prestasjon. Vidare er det problematisk at litteraturgjennomgangen manglar utviklinga av forskingsfronten det siste ti-året.
Avslutning: Kunnskapsfronten flyttast av praksisfeltet og gjennom empire i ulik takt. Mangel på empiri er ikkje det same som å forkaste ein hypotese. Spørsmålet vi stiller er ikkje om ein som idrettsutøvar skal trene kjernemuskulaturtrening, men korleis?
Nøkkelord: Idrettsprestasjon, buk- og ryggtrening, idrettsutøvarar, årsak-verknad, evidens.
Abstract
Comment to: Core training promises more than it can hold: A review of current literature and practical experience.
Introduction: In sport, core training has been used as a supplement to traditional training modalities. The scientific literature has significantly increased the last decade whereas core training has been embraced and conceptualized among clinicians, the fitness industry, exercise enthusiasts, and in sport.
Main section: In the paper Core training promises more than it can hold: A review of current literature and practical experience the authors criticize the lack of scientific evidence to improve performance in sport and to prevent injuries. We support a lot of the critic, but there are sections which lack details and precision especially regarding performance in sport. Furthermore, the authors find it problematic not to include the latest decade of research in the overview.
Summary: The status of knowledge is moved in the field of practice and in science, but in different speeds. Still, lack of evidence is not the same as rejecting a hypothesis. Therefore, and the question we ask is not whether an athlete should conduct core training or not, but who?
Keywords: Sport performance, abdominal- and back training, athletes, cause effect, evidence.
Innleiing
Det er gledeleg å lese gjennomgangen av kjernemuskulaturtrening frå eit forskings- og erfaringsbasert ståstad [1]. Artikkelforfattarane skal ha ros for arbeidet og dei trekker fram fleire gode poeng som vi seier oss heilt einige i. Likevel, det er nokre moment som vi meiner det er på sin plass å presisere då vi meiner svaret ikkje er så svart/kvitt som artikkelforfattarane uttrykker. Til dømes skrivast det at «kjernemuskulaturtrening vil for de fleste utan ryggplager vera virkningsløst». Frå eit hypotetisk-deduktiv ståstad, er det utfordrande å etterprøve slike formuleringar eller delar av artikkelen der ord som «lover», «vår erfaring» og «lapskaus trening» nyttast. Samtidig har vi kome til erkjenninga: Kunnskapsfronten flyttast gjennom både empiri og erfaring, der mangel på empiri ikkje er det same som at ein kan forkaste ein hypotese. Vidare vert manglande vitskapleg dokumentasjon mellom kjernemuskulaturtrening og idrettsprestasjon påpeika, men utan utdjupande konkretisering av kva dei legg i idrettsprestasjon. Idrettsprestasjon er avhengig av idretten si eigenart og funna frå litteraturen kan difor ikkje generaliserast til all idrettsleg prestasjon. Men artikkelen (etter vår tolking) reiser eit viktig spørsmål: Er kjernemuskulaturtrening nødvendig vist ein trener tung styrketrening med baseøvingar som knebøy, markløft og framover-bøygd ståande roing? Spørsmålet har blitt stilt i ulike fora der debatten har vore polarisert og i all hovudsak basert på personlege preferansar og/eller erfaringar. Underteikna skal avslutningsvis prøve å utdjupe vårt syn frå eit evidensbasert ståstad.
Hovuddel
Kjernemuskulaturtrening har blitt omfamna og konseptualisert av klinikarar, treningsbransjen, mosjonistar og idrettsutøvarar. Den evidensbasert litteraturen på trenings