Forskrift om offentlige anskaffelser, som også dekkjer arkitektoppdrag, blei endra 1. januar 2017. Forskrifta slår fast at ein kommune skal be om tre referanseprosjekt frå dei siste tre åra ved utlysing av arkitektoppdrag. Denne erfaringa kan kvalifisera eit arkitektkontor til eit oppdrag. Kritikarar av reglane seier at tre år ar altfor kort tid for arkitektbransjen. Dei nye endringane opnar for større fridom: Dersom det er naudsynt for konkurransen sin del, skal ein kommune vurdera å ta i betraktning erfaring frå lenger enn tre år, heiter det i 16-6 første ledd, bokstav b. I samband med nye reglar ønskjer bransjeorganisasjonen Arkitektbedriftene å påverka vegleiaren som Næringsdepartementet nå utabeider.
BAE-rådet
Rådet for bygg, anlegg og eiendom består av dei største bransjeforeiningane i sektoren. Rådet, som representerer alt frå arkitektar til enterprenørar, har årlege møte med næringsministeren. Eit av temaa på årets møte var offentlege innkjøp si rolle for verdiskaping, arbeidsplassar, klima, f