Usikre prognosar og budsjett ved nokre einingar
I morgondagens møte i Universitetsstyret legg Eining for intern revisjon fram rapporten sin for første halvår 2022. Der har internrevisjonen gått gjennom erfaringa med systemet ved UiO så langt.
Hovudbodskapen er at kvaliteten i rekneskap, budsjett og prognosar på overordna nivå vert vurdert til å fungera tilfredsstillande. Samtidig vert det vist til at nokre einingar sine budsjett og prognosar er usikre.
I rapporten blir Kulturhistorisk museum trekt fram som eit døme på det. Det blir peika på at Kulturhistorisk museum ikkje har god nok økonomistyring på prosjektporteføljen, «da mange prosjekter ikke er registrert, fordi systemene ikke er tilpasset ulike krav fra Klima- og miljødepartementet (KLD) og Kunnskapsdepartementet (KD)», heiter det i skrivet frå Eining for intern revisjon.
Generelt sett peikar UiOs interne revisjon på at økonomistyringa ikkje er effektiv. «Noen enheter bruker skyggeregnskaper og ekstra ressurser, for å bistå med utvikling, forstå sammenhenger og avlaste medarbeidere. Det er imidlertid også områder der det har skjedd forbedringer», vert det understreka i rapporten.
Også innsatsen til Avdeling for økonomi- og verksemd