Fjell og Vidde
10.09.2021
Det er ikkje spesielt høgt, sagnomsust eller vakkert. Bladet i Molladalen er likevel noko for seg sjølv.
Eg trur ikkje vi treng klatresko, seier venninna mi Åse.
Vi står på parkeringsplassen i Barstaddalen i Ørsta. I sol og tidleg haust. Klare for Molladalen.
Kanskje ein tur på Jønshornet, Randers topp, Mohns topp. Men øvst på lista står Bladet. Ein liten pinnakkel, eller lat oss bruke det mykje vakrare namnet: tindenål. Plassert ca. 1300 moh. med upåklageleg utsikt til Hjørundfjorden.
For å trone på sjølve nålespissen må du klatre. Denne delen utgjer kanskje 1 prosent i høgdemeter, men 90 prosent av motivasjonen for å reise hit. Sjølve klatrebragden er likevel ikkje noko å skrive heim om. Klatregrad 4. Innandørs er 4 easy peasy for dei aller fleste. Utandørs kan skjelven kome på flatmark.
Likevel landar vi på at terrengskoa våre er nok. Ikkje at klatreskoa er så frykteleg tunge, eller tar så mykje plass. Men det er så lettvint å late dei ligge i bilen når sekkane er fulle med alt anna pikkpakk. Som Toro-lappar, yatzy og Pepsi Max. Slike viktige ting.
MOLLADALEN
«Molladalen, som først i den senere tid er blitt «opdaget», er en bortgjemt botn på baksiden av Jønshornet, der er av en så merkelig karakter og så lett å nå at den nu er blitt et almindelig utfluktsted for turister.»
Desse orda skreiv lyrikar og fjellvandrar Kristofer Randers i 1930 i boka Sunnmøre laga på oppdrag for Ålesund-Sunnmøre Turistforening (i dag DNT Sunnmøre), første gong utgjeve i 1890. Vi er med andre ord seint ute. Molladalen er for lengst sett på kartet som eit attraktivt turmål.
Randers skriv vidare: «Allerede når man har passert det bratteste av oppstigningen, har den ene himmelstrebende pigg etter den annen begynt å stikke opp over bakkebrynet. Og når man har hoppet over elven, åpner der seg en rund gryte, omgitt av en krans av de underligste tinder man kan se, - en praktfull botn, som i en halvsirkel omsluttes av en tilsynelatende sammenhengende steinmur, øverst oppe tagget som et sagblad, med skarpe pigger på buete egger, med spisse nåler og krummede horn.»
Vi er ikkje like sofistikerte i vår betraktning,
Gå til medietVi står på parkeringsplassen i Barstaddalen i Ørsta. I sol og tidleg haust. Klare for Molladalen.