BUSKAP
05.04.2024
Ein god gjødslingsplan må ta omsyn til praktiske forhold ved gjødslinga, økonomi, lokale tilhøve og andre faktorar.
Vi legg planar for 2024. Sentralt i planlegginga er gjødslingsplanen. Kanskje er det tatt nye jordprøver, og du sit med spørsmål som kva og kor mykje du skal gjødsle med, om det er kalkbehov eller noko anna som manglar i jorda? Kanskje vil du justere litt i høve til sist sesong? Kanskje har du endringar i drifta eller i areal som gjer at gjødslinga bør endrast? Hjelp til dette og ein nyttig fagprat i planprosessen får du ved å bruke rådgjevar til gjødslingsplanlegging.
Kvifor og korleis?
Gjødslingsplanen skal vere eit godt planleggingsverktøy i drifta, han skal sikre optimal gjødsling i forhold til avlingsnivået og næringsbehovet til jord og plantar.
Planen skal også fungere som dokumentasjon av bruken av gjødsel overfor det offentlege. Utarbeiding av gjødslingsplan vart innført som krav på slutten av 90-talet. Hovudregelen er at alle landbruksføretak som søkjer produksjonstilskot skal ha ein årleg gjødslingsplan. Denne skal vere utarbeidd på grunnlag av jordprøver som er nyare enn åtte år. Planen skal danne grunnlaget for g
Gå til medietKvifor og korleis?