Khrono
19.05.2023
Det er ikkje sikkert at strukturen i høgare utdanning er det som skal sikra målet om like tilbod i heile landet, seier Arbeiderpartiet sitt universitetslag i Bergen.
- Me er redde for at smått kan verta for smått.
Les merDet seier Peter Hatlebakk, nestleiar i Arbeiderpartiet sitt universitetslag i Bergen. Universitetslaget har no sendt inn merknader til partiet sin fraksjon i utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget. Her skal Utsynsmeldinga drøftast 24. og 25.mai, før det vert debatt i Stortinget veka etter. Som Khrono har skrive legg meldinga opp til både endringar i teljekansystem og finansieringkategoriar for utdanning.
I merknadane frå Bergen heiter det at: «Meldingen legger opp til mer desentral utdanning og kortere studieløp. Vi er bekymret for at for mange læresteder og oppsplittede utdanningsinstitusjoner kan svekke målet