AddToAny

Ein stille revolusjon i matematikkfaget i skulen

Spørsmålet om kor matematikkfaget er på veg har nok for mange ukjente i seg til at det enkelt lar seg rekne ut. Det skriv fem tilsette ved lærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet.
Omgrepet «stille revolusjon» har i løpet av dei siste 50 åra blitt nytta i til dømes samanhengar som handlar om samfunnsutvikling, eller einskildhendingar som nærast umerka får stor innverknad på samfunnet. Eit døme på dette er statsvitaren Ronald Inglehart si påpeiking av den vestlege verda si endring frå å ha ei overveldande vektlegging av materielle verdiar og fysisk tryggleik til å bli meir og meir oppteken av livskvalitet. Eit anna døme er den tyske filmen «The Silent revolution» frå 2018, der me følgjer ein austtysk skuleklasse som gjennomfører eitt minutt stille i klasserommet sitt for dei falne i den ungarske revolusjon i 1956, og dei uventa konsekvensane denne markeringa fører med seg. Ein revolusjon betyr at rådande verdiar blir erstatta med nye verdiar. Det som før var feil blir no riktig, medan det som før var riktig no blir feil.

Me underviser matematikk i lærarutdanning, og med handa på hjartet vil nok ein kvar revolusjon som finn stad innanfor vårt fagfelt vera å oppfatte som ein stille revolusjon for dei fleste andre. Men, sjølv ein stille revolusjon knytt til matematikk i skulen, kan føre til uventa konsekvensar for dei mange, og me opplever at me står og betraktar nokre slike konsekvensar no. Med små, stille steg ser me at matematikkfaget er i endring, og at det kanskje ikkje endrar seg slik ein hadde trudd. Her er nokre døme:

Ei høgt utdanna mor som arbeider ved same akademiske institusjon som oss, fortel i rein frustrasjon at verken ungdomsskuledottera, ho sjølv, eller ektemannen hennar, forstår nokre av dei matematiske utfordringar dottera viser fram frå det nye læreverket som vert nytta ved skulen hennar. «Det er jo ikkje matematikk! Det er jo berre tull!», kjem det småampert frå denne mora.

Ein elev på vidaregåande skule fortel at «det her programmeringsgreiene er det ingen i klassen som bryr seg om. Ikkje skjønar vi det, og vi ser i alle fall ikkje kvifor det er relevant å læra. Matematikk er blitt endå meir framandgjort og kjedeleg. Skulle ikkje tru det var mogleg!»

I eit matematikkemne me underviser skal lærarstudentane mellom anna arbeida med nokre problemløysingsoppgåver, og dei er ikkje lette å få til. Det er grunnen til at vi omtalar dei som problem. I haust opplevde vi at ein av st

Les mer

Flere saker fra Khrono

Hvor lett skal vi gjøre det for KI-generasjonen, spør student. Har vi ikke universiteter for å oppdra individer som kan undersøke, skrive og tenke selv, istedenfor å leke gjetteleken med informasjon fra ChatGPT?
Khrono 28.09.2023
Regjeringen vil ha mindre detaljstyring. Prosessen startet i sommer, og fortsetter nå.
Khrono 28.09.2023
Over en tredel av studentene ved fagskolene har ikke opplevd at representanter fra arbeidslivet har bidratt i utdanninga hittil i studiet, viser Studiebarometeret for fagskolestudenter.
Khrono 28.09.2023
Han framsto som en usedvanlig dyktig søker da han søkte jobb hos Universitet i Bergen. Nå vil universitetet be redelighetsutvalget se på covid-19-artiklene han publiserte mens han var ansatt.
Khrono 28.09.2023
Leder av sykepleieforbundets studentorganisasjon mener universitets- og høgskoleloven i for liten grad ivaretar studenter og deres rettigheter.
Khrono 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt