Dette viser ein forskingsstudie Rune J. Krumsvik, professor ved Institutt for pedagogikk ved Universitet i Bergen, har gjennomført saman med kollegaer blant nesten 300 rettleiarar frå heile Noreg.
Sidan 2018 har Krumsvik leia Vestlandets forskerskole for pedagogikk- og utdanningsforskning (WNGER II). Målet med WNGER II er å styrka forskarutdanninga på tvers av seks universitet og høgskular på Vestlandet: Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger, Høgskulen på Vestlandet, NLA Høgskolen, VID Vitskapelege høgskule, Høgskulen i Volda. I tillegg har Universitetet i Agder kome til.
- Om lag halvparten av dei som er rettleiarar skreiv sjølv monografi då dei leverte si avhandling. Dette illustrerer at me må sjå på om dette heng saman med deira rettleiarkompetanse eller ikkje, seier Krumsvik om dei ferske funna.
- Bør ha kompetanse
Khrono skreiv før helga om førsteamanuensis Sofie Høgestøl som fortalde at ho kjende seg svært åleine som stipendiat. Ho måtte byta rettleiar und