- Eg er spesialfysioterapeut, og interessa for fedmefeltet fekk eg då eg hadde turnus. Etter master fekk eg jobb på poliklinikk for overvekt på Haukeland universitetssjukehus. Der var ein allereie i gang med FABO- studien (Family-based Behavioral Treatment of Obesity) knytt til behandling av alvorleg fedme hos barn og ungdom. Eg vart først forskingsassisten knytt til prosjektet, og så balla det på seg. Men det var altså ei interesse som starta frå det kliniske arbeidet: Korleis kan ein få til betre behandling?
- Kan du presentera prosjektet ditt i korte trekk?
- Eg har sett på kognitiv åtferdsterapi opp mot ordinær behandling og samanlikna effekten av desse. Eg har sett på risikofaktorar for å utvikla fedme, og her særleg sett på svevn, og eg har sett på kva som kan vera barrierar for at familiar vil vera med på eit slikt behandlingsopplegg. Barna og ungdommane som har vore med i studien er frå 6-18 år. Snittalderen er 12, men det er òg barn i barnehagealder som får behandl