AddToAny

Dei står opp for akademisk ytringsfridom og demokrati i Tyrkia

Akademikarane Erol Koroglo og Mirat Sevinc skreiv i 2016 begge under på ei oppfordring til Tyrkias regjering om å ta opp igjen fredsforhandlingane med dei kurdiske opprørarane.
Den eine fekk halda fram i jobben som litteraturprofessor, medan den andre fekk sparken som jussprofessor.

Istanbul, Tyrkia

Det er ein varm dag i februar i Tyrkias største og viktigaste by, Istanbul. Me er på bokkafeen ved sida av Sveriges godt vakta konsulat i byens viktigaste handlegate Ästiklal Caddesi. Her møter me Erol Koroglo, litteraturprofessor ved Bosporus-universitetet (BoÄaziçi Üniversitesi), Tyrkias beste universitet. Han kjenner godt UiOs nestor i tyrkisk, professor Bernt Brendemoen som har omsett Orhan Pamuks bøker til norsk.

- Erdogan blei heilt gal

Erol Koroglo er kjent som ein av dei få kritiske røystene i Tyrkia som framleis vågar å ytra seg både på universitetet og i media. I 2016 var han ein av akademikarane som skreiv under på oppfordringa til fred og opphøyr av kamphandlingane mellom det tyrkiske forsvaret og kurdiske opprørarar. Det fall ikkje i god jord hos president Recep Tayyip Erdogan.

- Erdogan blei heilt gal etter denne kritikken av dei statlege styresmaktene.Til saman 2000 akademikarar frå heile Tyrkia hadde skriva under på ei bøn til regjeringa om å opna fredsprosessen igjen. Erdogan gjekk til sak mot 600 av dei, og eg var ein av dei. Berre på universitetet vårt var det 100 av oss. Og den rektoren me hadde då, han sette ikkje i gang restriksjonar mot oss, fortel han.

Men ved andre universitet i Tyrkia var situasjonen heilt annleis. For der sleppte ikkje desse akademikarane unna disiplinære tiltak.

- Nei, rektorane brukte denne teksten mot dei, og dei mista alle rettane dei hadde hatt som statstilsette. Over 1000 av dei akademikarar det gjaldt tilhøyrde venstresida eller liberale parti. Den gongen skjedde det ingenting med oss ved Bosporus-universitetet, seier han til Uniforum.

Rektor blei peika ut av Erdogan

Det skulle derimot endra seg fem år seinare, i 2021.

- Då fekk me ein ny rektor som var peika ut eine og åleine av president Erdogan. Då sette me i gang demonstrasjonar mot den avgjerda, for både me, studentane, alumniforeiningane og opinionen i Tyrkia var heilt imot det. Det var ein effektiv professoraksjon mot rektor-utnemninga også, for det offentlege universitetet vårt er «crême de la crême» mellom dei tyrkiske universiteta, seier han stolt.

Erol Koroglo peikar på at det offisielt ikkje finst private universitet i Tyrkia. Det er likevel mogleg for stiftingar kontrollerte av privatpersonar å etablera universitet.

- Mange av

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt