AddToAny

Brukarmedverknad i tannhelsetenesta

- ei kvalitativ studie om erfaringar blant pasientar med behov for tilrettelagt tannbehandling i TOO Ingrid Kristin Moe, Therese Thornton Sjursen, Regina Skavhellen Aarvik, Torill Helene Tveito og Maren Lillehaug Agdal
Bakgrunn: Brukarmedverknad er i vinden i mange norske helsetenester, men forfattarane kjenner ikkje til norske publiserte studiar om brukarmedverknad i tannhelsetenesta. Studien har til mål å undersøka korleis brukarar av TOO har opplevd mogelegheita for brukarmedverknad i møte med tannhelsetenestene. TOO er eit tilrettelagt behandlingstilbod for pasientar som har vore utsett for tortur, overgrep, og/eller har odontofobi.
Metode: Kvalitativ metode med ni individuelle intervju. Deltakarane er brukarar av TOO, som av ulike årsaker har særleg behov for tilrettelagt tannbehandling. Tematisk tekstanalyse vart nytta til analyse av datamaterialet.
Resultat: Deltakarane har varierande forståing av konseptet brukarmedverknad. Dei har hatt positive erfaringar med brukarmedverknad på individnivå i TOO, men har lite erfaringar med brukarmedverknad i tannhelsetenesta tidlegare. Dei har ingen erfaringar med brukarmedverknad på systemnivå. Dei meiner at betre informasjon og kommunikasjon kan gjera tannhelsetenestene betre. For å legga betre til rette for brukarmedverknad i tannbehandling peikar deltakarane mellom anna på å bruka god tid, og at pasientane blir sett og lytta til.
Konklusjon: Deltakarane meiner at meir bruk av brukarmedverknad i tannhelsetenesta kan vera med å forebygga vegring for tannbehandling ved at fleire får gode opplevingar i møte med tannhelsetenesta. Det bør difor vera meir fokus på brukarmedverknad i tannhelsetenesta.

Eit godt og effektivt helsevesen med mål om betre helse i befolkninga er stadig i fokus og i utvikling. For best mogeleg individuell nytte må tenesta vera tilpassa brukaren. Helsetenestene har plikt til å involvera brukarane og brukarane har rett til å medverka i saker og avgjersler som omhandlar og påverkar dei. Dette er ein lovfesta rett i Noreg, nedfelt i Pasient- og brukerrettighetsloven (1). Prosessen som set brukaren i stand til å ta større kontroll over avgjersler og handlingar som påverkar til betre helse er ein helsefremjande prosess og er definert i omgrepet empowerment (2). Brukarmedverknad med mål om at brukarane bidreg til utvikling av helsetenestene er ei form for empowerment. Når brukarane får påverka behandlinga, kan dette bidra til å styrka både sjølvbilete og motivasjonen til brukarane, samtidig som tenestene kan bli betre (3). Brukarmedverknad kan skje både på individnivå der brukaren påverkar sitt eige behandlingsløp, eller på systemnivå der brukaren bidreg til utforming av helsetenestene (4).
Verdien av medverknad og empowerment er ikkje ny kunnskap. Verdas helseorganisasjon lanserte allereie i 1986 Ottawacharteret, der empowerment blir framheva som både strategi og metode for å fremja god helse (5). Ottawacharteret påpeikar helsetenestene sitt ansvar for å utvikla og reorientera seg. I Noreg har fleire helsetenester innført system for brukarmedverknad både på individ- og systemnivå, til dømes innan rus og psykiatri (6). Fram til no har det derimot ikkje vore mykje fokus på brukarmedverknad innanfor tannhelse.
I Noreg er målet at alle skal vera sikra lik tilgang på helsetenester av god kvalitet (1). Føresetnadar for dette er mellom anna at brukarane får medverka ved behandlingsval, og at dei får naudsynt informasjon for å forstå eigen helsetilstand. Å ta omsyn til pasientane sin evne til å oppsøka, forstå og bruka helseinformasjon, er difor viktig (7).
Personar som har vore utsett for tortur, overgrep eller har odontofobi (TOO) er ei spesielt sårbar gruppe i tannhelsetenesta (8, 9). Tilrettelagt behandlingstilbod som inneber angstbehandling og tannbehandling med mål om varig god oral helse er oppretta for denne pasientgruppa slik at dei med særskilde behov også skal få hjelp til tannbehandling (8, 9). TOO-pasientane representerer ei pasientgruppe som ofte har negative kjensler knytt til tannbehandling, og er difor ikkje representative for alle brukarar av tannhelsetenestene. Meir kunnskap om korleis dei opplever mogelegheita for brukarmedverknad er likevel interessant fordi eit innblikk i deira opplevingar kan visa oss kva brukarmedverknad betyr for dei, og slik gjera det lettare å utvikla tenestene og betre legga til rette for sårbare pasientar. Med bakgrunn i dette var målet med studien å utforska korleis brukarane av TOO-tilbodet har opplevd mogelegheita for brukarmedverknad i tannhelsetenesta, og korleis brukarane meiner at tannhelsetenesta betre kan legga til rette for brukarmedverknad.

Metode
Studien vart gjennomført med eit utforskande kvalitativt design, og datamaterialet vart samla inn gjennom ni individuelle intervju sommaren 2021.

Deltakarar og rekruttering
Deltakarane vart rekruttert under rutinesamtalar med koordinerande tannhelsesekretærar ved TOO. Dei som meldte interesse for forskingsprosjektet vart kontakta av IKM og fekk meir informasjon. Deretter vart skriftleg informasjon og samtykkjeskjema tilsendt dei som ville delta. Av dei 17 personane som meldte interesse for forskingsprosjektet var det 2 som ikkje møtte opp til avtalt intervju og 6 takka nei, eller valde å ikkje respondera.
Ni personar stilte til intervju. To deltakarar var i oppstartfasen for angstbehandling, resten var ferdige med angstbehandlinga og hadde starta tannbehandling når intervjua fann stad. Deltakarane hadde bakgrunn frå odontofobi og/eller overgrep. Ingen hadde kjend bakgrunn frå tortur. Begge kjønn var representert, og alle deltakarane var over 20 år.

Gjennomføring av intervju
Eitt intervju vart gjennomført digitalt via Teams grunna lang reiseveg for deltakaren, resten vart gjennomført med fysisk oppmøte i lokala til Tannhelsetenesta sitt kompetansesenter. Intervjua vart gjennomført med middels struktureringsgrad (10) med utgangspunkt i intervjuguide utforma i forkant. Intervjua vart leia av IKM. Ein assisterande moderator (forskingsassistent) var med og passa på at tida ikkje oversteig tidsplanen (90 minuttar) og at alle tema i intervjuguiden vart dekka. Intervjua varte i snitt i 50 minutt, kortaste intervju var på 35 minutt og lengste på 1 time og 14 minutt.

Intervjuguide
Tema og spørsmål i intervjuguiden vart utarbeida saman med to forskarar (TTS og MLA) som begge har erfaring frå kvalitativ for-sking og behandling av TOO-pasientar. Intervjuguiden bygde på eksisterande kunnskapshol i litteraturen, og hadde fire hovudtema med tilhøyrande underspørsmål for å få utfyllande svar frå deltakarane. Dei fire hovudtema var:
--Kva erfaringar har pasientane med brukarmedverknad frå tannbehandling før TOO?
Korleis kan den offentlege tannhelsetenesta legga til rette for auka brukarmedverknad på individ- og systemnivå?
Kva erfaringar har pasientane med brukarmedverknad frå TOO-behandlinga?
Korleis kan TOO leggja til rette for meir brukarmedverknad på individ- og systemnivå?

Lydopptak og transkribering
Lydopptakar vart nytta under intervjua med informert samtykkje. Etterpå vart intervjua transkriberte og lydfilene overført til kryptert datalagring. I transkriberingsprosessen vart deltakarar, personopplysingar, stadnamn og omtalte behandlarar anonymiserte.

Tematisk analyse
Braun og Clarke sin metode for tematisk analyse legg opp til å identifisera, analysera og synleggjera både samanfallande og divergerande mønster/tema i kvalitativt datamateriale (11). I tråd med Braun og Clarke sin metode vart desse seks stega nytta i analyseprosessen av dei transkriberte intervjua (figur 1):
1. Å bli kjend med datamaterialet: IKM lytta til lydfilene fleire gonger før og under transkribering for å bli godt kjend med datamaterialet. Transkriberinga vart gjort så ordrett som råd, samtidig som munnleg språk vart endra til skriftspråk for å gjera det lettare å lesa. Datamaterialet blei lese, og dei fyrste tankane om kva som var viktig tok form. MLA og TTS las gjennom det transkriberte datamaterialet kvar for seg.
2. Å generere innleiande kodar: IKM gjekk gjennom datamaterialet.
Meiningsberande aspekt frå kvart intervju vart identifisert og merka med beskrivande kodar. Kodar med likna
Gå til mediet

Flere saker fra Den norske tannlegeforenings Tidende

Tannlegeyrket medfører påkjenninger som kan føre til stress, ifølge en ny svensk undersøkelse. Det pekes på at administrativ byrde, lederansvar og økende krav fra pasienter bidrar til en stressende arbeidsdag.
Det kommer nye krav til innholdet i arbeidsavtaler og endringer i reglene om midlertidig ansettelse og deltidsansettelse, samt endringer i reglene om prøvetid. Endringene trer i kraft fra 1. juli 2024.
I 2016 fikk tannlegestudentene en egen studentforening i NTF, som i dag består av 626 tannlegestudenter i både inn- og utland.
Årets tariffkonferanse, avholdt på Gardermoen 11. og 12. mars hadde rekordstor deltagelse.
Om Folkehelseinstituttet har rett, vil mange av våre medlemmer erfare at hjelpersonellet melder om fravær utover vinteren.

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt