AddToAny

Bedriftsøkonomi og badeliv

Frå eit farvatn der dei offentleg-private samarbeida er like grumsete som havbotnen i Oslo-fjorden, vaks Sørenga opp som eit ektefødt barn av 2000-talet.
På youtube ligg det ein promovideo av Sørenga Bad. Der får vi sjå eit myldrande folkeliv utspele seg til lyden av lettbeint popmusikk. Det er sol, det er hyggje, det er byliv - typisk for ei simulering av eit idealisert framtidsscenario for den norske hovudstaden. Berre at dette er ekte! For sjølv om det vi ser er nøye kuratert av Sørenga Utvikling, er faktisk badelivet på Sørenga av ei slik art at det ser ut som ei reklame. Sjeldan har eit område i Oslo endra seg frå bakevje til folkekjær tumleplass på kortare tid.
Men Sørenga er meir enn bading. Det bur ganske mange menneske der, i 746 leilegheiter fordelt på åtte byggetrinn. Bustader har då også vore eit sentralt mål med Fjordbyen heilt sidan konseptet vart lansert tidleg på 1980-talet, under namnet «Byen og Fjorden: Oslo år 2000». Då prosjektet gjekk frå visjon til plan- og byggeprosjekt på 2000-talet, var det stadig med ambisjon om å bidra til å løyse dei store utfordringane i bustadmarknaden i Oslo, både med omsyn til kvalitet (gode bustader), frekvens (mange bustader) og pris (rimelege bustader).

Det dynamiske nabolaget. Denne blandinga av badeliv og bustader er utvilsamt det mest epokedefinerande med Sørenga som byutviklingsprosjekt. Synergien mellom optimale byrom, fylt til randen med sosialt mangfald og livsglede, og fortetting «med kvalitet» - det store politiske mantra i Oslo dei siste 20 åra - er essensen av Sørenga. Dette vitnar om at Fjordbyen er tufta på det som var eit internasjonalt urbanismeideal tidleg på 2000-talet: Den dynamiske byen, der ulike folk, funksjonar og infrastrukturar flyt over i kvarandre og deler arealet på saumlaust vis. Heilt nydeleg på papiret, ikkje fullt så enkelt i praksis.
For kva skjer når vidt forskjellige funksjonar vert samanstilt i tette strukturar? Sørenga er eit laboratorium for å utforske dette spørsmålet, med utgangspunkt i hypotesen om at området - og Fjordbyen som heilskap - skal vere «for alle». Det er ein rimeleg heftig ambisjon, både med tanke på spekteret av personlege preferansar og økonomiske ressursar som finst i ein by. Den norske samfunnsvitaren Yngvild Margrethe Mæhle har skrive om begge deler i masteroppgåva "Sørenga: en porøs enklave" (UiO, 2019), der ho hevdar at Sørenga har vorte eit nabolag der byens sosioøkonomiske og sosiokulturelle barrierar vert materialisert. Folk har ulik løn, ulike preferansar, ulike livsstilar, og når desse faktorane smelter saman på eitt område kan det slå gneistar. Friksjonane har kome til uttrykk i media, som har rapportert om utagerande festing, urinering inne i barnehagen, høg musikk og så vidare. Åtferd som må kunne karakteriserast som ordensforstyrring. Det er jo ikkje urimeleg å klage på dette.
Det økonomiske har definitivt spelt inn, som eg kjem tilbake til, men uansett handlar dette mykje om ulike haldningar og forventningar til eit nabolag. Dei som har kjøpt bustader forventar å ha eit nokolunde uforstyrra privatliv. Dei som nyttar dei offentlege friområda forventar å kunne utfalde seg. Ingen av gruppene har 100% rett eller feil, og det er der skoen trykkar. Det som imidlertid er litt overraskande, er at korkje Oslo kommune eller mange av dei som kjøpte leilegheiter på Sørenga synest å ha tenkt så mykje på konsekvensane funksjonsblandinga. I planane står det ingenting om potensielle negative konsekvensar når ulike funksjonar kjem tett på kvarandre, berre om den positive effekten dette er meint å ha på mangfald og sosialt liv. Dette er ikkje unikt for Sørenga, det gjeld også liknande nabolag elles i landet, som Urban Sjøfront i austre del av Stavanger. Der måtte ei konsertscene stenge ned etter at dei nye bustadene var ferdige, til trass for at denne scena var i drift då dette området vart regulert og bygd ut.
Media, deriblant Dagens Næringsliv, har dessutan rapportert om ulike synspunkt også blant dei som bur på Sørenga. Medan mange let seg plage og irritere av framfusne badegjestar, meiner andre at problemet snarare er at området har vorte for ekskluderande. Sørenga-bebuar og tidlegare diplomat Sverre Jervell har sagt det slik: «Det hadde kanskje gjort seg med en pølsebod eller kebabsjappe på Sørenga.» (dn. no, 10. juli 2020). Dette viser kor vanskeleg det er å lykkast med alle forhold i dagens utvikling, ikkje minst fordi det er så mange ulike synspunkt og behov i omløp.
Dette minner om ein av dei sentrale teoriane til sosiologen Richard Sennett, som meiner at vi har for stor tillit til at konstruktiv dialog kan oppstå mellom heilt ulike menneske i same by. Det er ikkje gitt, meiner han, at menneske viser meir forståing for kvarandre viss dei berre tilbringar tid på same areal - eit ganske viktig premiss for det nokså håplause norske uttrykket «levande byliv.» Det vi må øve på, ifølgje Sennett, e
Gå til mediet

Flere saker fra Arkitektur N

At den svenske boken Jane Jacobs idéer om människor, städer och ekonomier
Arkitektur N 28.10.2022
Charlottenlund gravlund ble innviet i 2020. Et ni hektar stort område hadde da blitt forvandlet fra jordbruksland til en helt ny og livssynsnøytral gravplass, ca.
Arkitektur N 28.10.2022
Torsteinsen design har gjennom flere år skapt liturgisk inventar som tar troen inn i vår tid.
Arkitektur N 28.10.2022
På landets største gravlund har alle Gravferdsetatens arbeidsoppgaver blitt en øvelse i biologisk mangfold og grønn omstilling.
Arkitektur N 28.10.2022
Hyggelige omgivelser scorer høyt når vi skal spise lunsj, viser en ny undersøkelse. Dette tok AJ Produkter konsekvensen av da de skulle innrede sin nye kantine. Den er blitt riktig pen og innbydende, og svært så representativ.
Arkitektur N 28.10.2022

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt