AddToAny

Alt du ikkje vil vite om prokrastinering (og har utsett å spørje om)

Det kan stå om livet. Legg alt til side og les dette. I morgon vil eg byrja på eit nytt og betre liv. Trur eg. Eg har allereie funne ut at det kan gå ut over helsa.
Prokrastinering (frå latin pro og crastinus, 'det som dreier seg om morgondagen), den ofte uoverkomelege trongen til å gjere alt anna enn det du eigentleg skulle, kan:

a) øydelegge karrieren, om du i det heile tatt kjem i nærleiken av ein. b) føre til stress, angst, hjarteproblem, dårleg økonomi, skam og depresjon.

Prokrastinering kan i verste fall føre til øydelagt liv.

Det er dokumentert, alt saman. Prokrastinering er ikkje bra for helsa. Det er nesten så ein får lyst til å ta seg ein røyk. Men eg har for mykje eg må gjere. Denne artikkelen skal etter planen vere ferdig om nokre få timar.

Likevel.

Dette er det eg har fått gjort før lunsj.

Opna kjøleskapet

Gått inn på Facebook

Gått inn på Facebook

Lese papiravisa, baklengs

Googla how to avoid procrastination (119 00 treff)

Gått inn på Facebook

Sjekka om det er noko anna som kan gjerast

Sendt ein sms til ein nobelprisvinnar

Gått inn på Facebook

Ringt ein psykolog

Om eg berre hadde hatt litt disiplin. Kunne lagt frå meg telefonen (ein slags digital tobakk?). Tvilt litt mindre. Vore litt meir som Svein Stølen. Litt mindre som Bill Clinton.

Eg har bestemt meg for å prøve.

Men først

Men først skal eg berre ta kontakt med eit knippe storleikar i den norske universitets- og høgskulesektoren. Føremålet er å lokke fram forteljingar om prokrastinering, tilståingar om at også dei, trass i alt dei har oppnådd, prokrastinerer. Også dei opnar og lukkar kjøleskapsdører medan markøren på PC- skjermen blinkar desperat på ei blank side. Også dei les avisa, baklengs, medan bunken av eksamenar som skal rettast hopar seg opp fortare enn Ola Borten Moe kan seie flaskehals.

Klaus Mohn. Ein litt sånn no nonsens-type, økonom, og ikkje minst rektor på universitetet i den falmande oljebyen Stavanger. Trass det effektive, proaktive og rasjonelle ytre, også han har det slik.

Kanskje.

- Hei, det er frå Khrono. Spørsmålet er om du prokrastinerer?

- Ja, i nokon grad, som folk flest.

- Er det noko mønster i det?

- Eg har kanskje ein tendens til å skyve på fristen til fristen nærmar seg. Det hender det blir skippertak i ny og ne.

(Yes, tenker eg, her er vi inne på noko)

(Men så)

- Eg veit ikkje om eg er nokon utprega prokrastinator. Eg prokrastinerer nok helst på fritida. Men heller ikkje der er eg blant dei ekstreme.

- Nei? Men det er trass alt litt godt å høyre at ein rasjonell og effektiv type som deg prokrastinerer, trass alt!

- Kunsten er vel å tøyle det, så trongen ikkje tar overhand.

- Har du ei triks på lager?

- Njeeei. Ja. Det måtte vere å lage seg planar. Løfte og planar, eigne tidsfristar som ein løpande basis for å sikre at innsatsen er jamnare enn han elles ville ha vore.

- Det er det du gjer?

- Nei. For som rektor har eg min kalender. Men no skal eg i møte igjen. Sender du meg sitatsjekk?

Klaus Mohn er berre eín person, tenker eg. Det er fleire å ta av. Svein Stølen. Og moserane. Ja! Hypotese: Nobelprisvinnarane, Edvard og May-Britt Moser, prokrastinerer, og likevel, altså, er dei blitt nobelprisvinnarar! Oppglødd ved tanken tar eg kontakt med Edvard, vi er trass alt frå same øy, dersom eg hadde vore frå ei øy, hadde eg i alle fall vore frå denne øya.

Om litt

Om litt skal eg kontakte ein av Noregs fremste ekspertar på prokrastinering, primært for å prøve å tilføre denne teksten substans, men kanskje også, innrømmer eg, for på ein eller anna måte få litt trøyst frå professor i psykologi ved UiT Noregs arktiske universitet (eit namn dei kanskje kom fram til etter å ha prokrastinert i mange månader, før dei til slutt berre måtte bestemme seg for noko).

Frode Svartdal, heiter psykologen.

I det eg skal finne telefonnummeret gir eg meg til å stire ut det store vindauget ved kontorplassen min.

Medan eg stirer, i det som truleg er fleire minutt, på motorvegen eg har utsikt til, der bilane køyrer fram og tilbake i ein endelaus, tilsynelatande meiningslaus straum, tenker eg på noko far min brukte å fortelje, kanskje som eit kamuflert hint:

Bestemora hans, mi oldemor, som levde på 1400-talet eller der omkring, brukte å strikke medan ho gjekk over markane frå fjøra med ei tung bør fisk på ryggen, og samstundes drog ho ei rive etter seg, slik at ho kunne innhente litt ekstra gras til buskapen med det same.

- Er det ein genetisk faktor i dette

Les mer

Flere saker fra Khrono

Hvor lett skal vi gjøre det for KI-generasjonen, spør student. Har vi ikke universiteter for å oppdra individer som kan undersøke, skrive og tenke selv, istedenfor å leke gjetteleken med informasjon fra ChatGPT?
Khrono 28.09.2023
Regjeringen vil ha mindre detaljstyring. Prosessen startet i sommer, og fortsetter nå.
Khrono 28.09.2023
Over en tredel av studentene ved fagskolene har ikke opplevd at representanter fra arbeidslivet har bidratt i utdanninga hittil i studiet, viser Studiebarometeret for fagskolestudenter.
Khrono 28.09.2023
Han framsto som en usedvanlig dyktig søker da han søkte jobb hos Universitet i Bergen. Nå vil universitetet be redelighetsutvalget se på covid-19-artiklene han publiserte mens han var ansatt.
Khrono 28.09.2023
Leder av sykepleieforbundets studentorganisasjon mener universitets- og høgskoleloven i for liten grad ivaretar studenter og deres rettigheter.
Khrono 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt