AddToAny

Alltid budd

Frivillige redningsmannskap er svært motiverte, men dei kan også bli frustrerte og utslitne. Difor er det viktig å gje dei gode arbeidsvilkår, meiner Marte Winsvold.
Når vi kjenner oss trygge i påskefjellet, er det mykje fordi vi veit at store ressursar vil bli mobiliserte for å berge oss dersom noko skulle skje. Kvar påske står mannskap klare til å delta i søk- og redningsaksjonar i fjellet i all slags vêr, og dei er i stor grad frivillige.
Marte Winsvold er statsvitar og vart først involvert i forsking på frivillig beredskap i 2015, då ho undersøkte stoda i det norske beredskapssamvirket på oppdrag frå Justisog beredskapsdepartementet.
- Og då meiner eg hovudsakleg redningsberedskap, som søk etter sakna personar eller hjelp i samband med skogbrann eller flaum. Raudekrossen Hjelpekorps og Norsk Folkehjelp Sanitet er store, generelle organisasjonar, men vi har også små, spesialiserte organisasjonar som Norske Redningshunder og Norske alpine redningsgrupper, seier ho.

Samvirkemodellen
I motsetnad til i mange andre land er dei frivillige organisasjonane ein formalisert del av beredskapen gjennom samvirkemodellen. Modellen går ut på at offentlege og frivillige aktørar med spesial- og lokalkunnskap går saman om å nytte ressursane dei rår over, i konkrete lokale operasjonar (ifølgje avhandlinga til tidlegare forskingsminister Tora Aasland, som tok doktorgraden på denne modellen i 2022). Dei fleste frivillige redningstenestene er organiserte i paraplyorganisasjonen FORF (Frivillige organisasjonars redningsfaglege forum), som er talerøyr for organisasjonane i møte med offentlege styresmakter.
Oppdraget for departementet gav inspirasjon til å forfølgje temaet, og Winsvold og kollegaene fekk pengar frå Forskingsrådet til eit nytt prosjekt om korleis samvirkemodellen fungerer på lokalt nivå, kva som skapar eller hindrar godt samarbeid, og kva det er som motiverer dei frivillige.
- Prosjektet starta omtrent akkurat då koronapandemien kom, seier Winsvold.
- Det var jo ei beredskapshending i seg sjølv, og det påverka dessutan aktørane. Vi endra litt på prosjektet for å fange opp det. Kommunane fekk større plass, for dei fekk stor bruk for frivillige i den perioden.

Pandemiinnsats i kommunen
Ved redningsaksjonar er det politiet som har ansvar for innsatsen og for å kalle ut frivillige om det er behov for det. Men kommunane er også pålagde å drive beredskapsarbeid, og dei kan samarbeide med frivillige organisasjonar. Forskarane var interesserte i å finne ut korleis samarbeidet fungerer.
- Vi fann at den kommunale beredskapen og redningsberedskapen snakkar veldi
Gå til mediet

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt