BUSKAP
09.09.2022
Når sommaren kjem til Veitastrond i Luster kommune i Vestland fylke, flyttar mjølkekyrne i besetningane til Roger Fåberg og Jimmy Hilleren fram til idylliske Vårstølen. Her ventar fine dagar ute i frodig beiteområde omkransa av høge fjell. Viddene er store og kyrne går fritt, så det kan av og til ta tid å få samla flokken til mjølking morgon og kveld.
Sesongen strekkjer seg frå byrjinga av juni til ut august. Bøndene organiserer arbeidet slik at dei har ansvaret for mjølkinga annakvar veke, og på dette viset får dei ordna seg litt fri desse månadene med stølsdrift. - Me har god hjelp av familiane våre, i sommarferien er ungane flinke til å samla kyrne for mjølking, og det er samlinga som er jobben her framme, seier Jimmy Hilleren fornøgd.
Gå til mediet