Khrono
09.06.2023
Kapitalistiske ideal resonnerer tungt og som eit umetteleg beist i Einar Brattengs provokasjon, skriv stipendiat Henriette Røldal.
Wygeya Balarajah skreiv nyleg eit klokt innlegg i Khrono om sine opplevingar som masterstudent. Her argumenterer ho blant anna for at presset for å produsera målbare og synlege resultat overskygger verdien av å lære. På denne måten vert masteravhandlinga i mindre grad ei moglegheit til å utforske og å delta i debattar ein bryr seg om. Balarajah sitt felt er naturvitskap, men erfaringane ho skildrar er symptomatiske for ei breiare utvikling i akademia mange av oss kjenner på. Når hovudmålet ikkje lenger er ein søken etter kunnskap, men heller å vinna ei tevling om produksjonen av dei «beste» og mest synlege resultata, er vi openbert på feil kurs. Derfor var det for meg skuffand
Les mer