Bedre Skole
18.03.2022
Olga Dysthe tok 29. november 2021 imot Kongens fortenstmedalje for sitt omfattande arbeid med dialogbasert undervisning og læring. I tala si ved mottakinga la ho vekt på dei humanistiske språkfaga si viktige rolle innanfor pedagogikken.
Eg har ofte blitt spurt om kva det er som gjer at eg i ein alder av 81 år, vel å bruke tida mi på å diskutere og skrive om pedagogiske spørsmål som har opptatt meg gjennom heile mitt yrkesaktive liv. Grunnen er ei djup overtyding om at det ikkje berre handlar om å forbetre skule og høgare utdanning gjennom å fremme ei form for dialog som samtidig er respektfull, kritisk og kreativ. Heilt overordna handlar det om å sette den neste generasjonen i stand å tenke, lytte, tale og skrive og slik bli aktive medborgarar i samfunnet vårt og redde eit demokrati i krise. Store ord? Ja, men slik eg ser det, handlar det om summen av tallause små val som undervisarar gjer i møte med elevar og studentar kvar einaste dag. Derfor er pedagogikk eit viktig fag, men dessverre nedvurdert, også ved Universitetet i Bergen. Pedagogikk er samansett av kunnskap frå ulike disiplinar, og etter mitt syn er det ein styrke, fordi det å undervise er så komplekst at vi treng kunnskap og innsikt av mange slag for å kunne undervise verkeleg godt. Psykologi er berre éin del av faget, sjølv om pedagogikk i Bergen er lagt til Det psykologiske fakultet. Sjølv er eg utdanna i humanistiske fag, som fleire andre ved Institutt for pedagogikk. For meg er det litteraturvitskap, anvendt språkvitskap og dialogfilosofi som har berika tilnærminga til pedagogiske spørsmål.
Eg vil løfte fram fire hovudpoeng som kjem både frå mi eiga erfaring og frå forsking. Alle har med både pedagogikk og dialogisitet å gjere, og dei heng saman: Det første er kor viktig undervisaren er, det andre er fellesskapets betydning, og det tredje er dialogens kjerneinnhald: kunsten å lytt
Gå til medietEg vil løfte fram fire hovudpoeng som kjem både frå mi eiga erfaring og frå forsking. Alle har med både pedagogikk og dialogisitet å gjere, og dei heng saman: Det første er kor viktig undervisaren er, det andre er fellesskapets betydning, og det tredje er dialogens kjerneinnhald: kunsten å lytt