Bok og bibliotek
07.02.2020
Maja Lunde har med sine tre dystopiske (katastrofeorienterte) romanar, Bienes historie (2015), Blå (2017) og Przewalskis hest (2019) oppnådd ein eventyrelg salssuksess, og med filmplanar på kjøpet. Bienes historie var i Tyskland i 2017 den mest selde boka i landet.
I ei tid der salstal snarare enn innsikt er blitt avgjerande kvalitetskriterium, kan det ver grunn til å kikke nærare på kva Lundes suksess kan botne i. Her er det nemleg snakk om bøker som flyt på tidsånda, men som ikkje har nok substans til å kunne overleve på lengre sikt. Dei som alt nå har utropt Lunde til ein av landets største forfattarar, bør vite at dei har gjort det på eige ansvar.
Lunde har bakgrunn som høgst vellukka barnebokforfattar; ho manglar så visst ikkje litterært talent. Ho har frisk fantasi og skriv i eit enkelt og velforma rytmisk språk, kanskje vel flatt til å vere kunst. Dessverre tyr ho her og der også til banale og patetiske flosklar, så som replikkar av denne typen: «Inspirasjon er en viktig drivkraft» og «Vi er intet utan lidenskap».
Forteljingane er mest i slekt med eventyr og allegori, dei er dels eksotiske og nesten barnleg enkle og manglar tids- og miljøkoloritt, og med ein høgst tidsriktig, naturvennleg patos. Personskildringane er heller skjematiske, mest på grunn at dei primært skal representere ulike allmenne haldningar til natur og kjønn. Det er typisk ungdomslitteratur, klimakrisas parallell til Harry Potter.
Bienes historie og Przewalskis hest er bygd opp etter omtrent same lest; forteljingane er lagt til tre ulike hundre: Det rasjonalistisk-industrielle og patriarka
Gå til medietLunde har bakgrunn som høgst vellukka barnebokforfattar; ho manglar så visst ikkje litterært talent. Ho har frisk fantasi og skriv i eit enkelt og velforma rytmisk språk, kanskje vel flatt til å vere kunst. Dessverre tyr ho her og der også til banale og patetiske flosklar, så som replikkar av denne typen: «Inspirasjon er en viktig drivkraft» og «Vi er intet utan lidenskap».