Etter å ha klart å halda innhaldet i rapporten frå Ytringsfridomskommisjonen pottetett, kunne kommisjonsleiar Kjersti Løken Stavrum under Arendalsuka i går ettermiddag endeleg avsløra kva forslag kommisjonen kjem med for å gjera situasjonen for ytringsfridomen endå betre i Noreg.
I rapporten «En åpen og opplyst offentlig samtale» står det at det første kommisjonen føreslår å endra er ordlyden i ei 20 år gammal føresegn i grunngjevinga til paragraf 100 i Grunnlova: Då la medlemane i den førre ytringsfridomskommisjonen i rapporten «Ytringsfrhed bør finne sted» frå 1999 fram eit ekstra forklarande tillegg. Ytringsfridomen er grunnleggjande fordi han bidreg til sanningssøking, demokrati og fri meiningsdanning for individet. Det tillegget blei lagt inn i Grunnlovas § 100 i 2004.
Der vil ein samla kommisjon også ha med toleranse og mangfald. Kommisjonen viser til at ytringsfridomen trenar evna vår til toleranse, til å tola meiningar som byr oss imot og møta dei med ord i staden for undertrykking eller vald. Dette er ei avgjerande evne i eit mangfaldig samfunn. Omsynet til toleranse og mangfald tilseier at det må vera nokre juridiske yttergrenser for ytringsfridomen for å verne verdigheita til alle menneske, går det fram av samandraget til utgreiinga frå Ytringsfridomskommisjonen.
Der vert det også understreka at kommisjonen ikkje har «hatt som mandat å endre sjølve Grunnlova, der grunngivinga er nedfelt. Kommisjonen tilrår likevel at ein vurderer å føye til toleranse og mangfald som ein del av grunngivinga i den no 20 år gamle føresegna».
- Må leggjast til rette for brei deltaking
Kommisjonsleiar Kjersti Løken Stavrum la også ut om måla dei hadde i arbeidet med å utgreia situasjonen for ytringsfridomen.
- Det er ein universelt utforma offentlegheit. Ein offentlegheit med høg grad av tilgang og låg terskel for å delta vil tena alle - på tvers av alder og grupper. Premissen for det er ei brei tilknyting til det offentlege. Derfor må det leggjast til rette for brei deltaking. Ei brei deltaking skaper førebudde borgarar som er i ytringsberedskap, sa ho.
Hovudkonklusjonen til kommisjonen er at ytringsfridomen har svært gode vilkår i Noreg i dag.
På vegner av kommisjonen uttalte Kjersti Løken Stavrum at m