Uniforum har tatt ein spørjerunde til forskarar på UiO som tidleg engasjerte seg i arbeidet med Strategi 2030, for å finna ut kva dei synest om det endelege resultatet.
Leia tankesmie som fekk kritikk
Økonomiprofessor Nils Henrik von der Fehr var fram til nyttår dekan ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet. Han blei også utpeika til å leia tankesmia «Tunge trendar» som skulle koma med innspel til arbeidet med Strategi 2030. Tankesmia fekk kritikk for å ha med blant andre Kristin Clemet frå Civita og Håkon Haugli frå Abelia. Andre medlemar var Camilla Stoltenberg frå Folkehelseinstituttet, dekan Morten Dæhlen frå MN-fakultetet og musikkprofessor Anne Danielsen frå HF. Tankesmia fekk kritikkav mellom andre leiaren for tankesmia Manifest, Magnus Marsdal for å vera for dominert av personar med tilknyting til NHO. Hovudkritikken hans var at akkurat den tankesmia var for elitistisk. Nils-Henrik von der Fehr og UiO-leiinga reid av stormen og enden på visa blei at tankesmia heldt fram slik det var tenkt og kunne levera ein eigen rapport til arbeidet med Strategi 2030 saman med dei andre tankesmiene den 29. april i fjor.
No har økonomiprofessoren gått gjennom den vedtatte strategien og kritiserer den for ikkje å peika ut ei retning eller innehalda eigentlege prioriteringar. Etter hans meining har strategien mange formuleringar som det er lett å slutta seg til og vanskeleg å vera ueinig i.
- Ein saknar ein omtale av kvar Universitetet i Oslo skal vera ved utgangen av strategiperioden, i 2030, skriv Nils-Henrik von der Fehr i ein epost til Uniforum.
- Ikkje gitt at livsvitskap skal ha forrang
Von der Fehr har berre funne ei klar prioritering i Strategi 2030:
- Den einaste tydelege prioriteringa er vel knytt til berekraft og det grøne skiftet. Her ville ein kanskje tru at strategien skulle konsentrera seg om universitetet si naturlege rolle som utviklar og leverandør av kunnskap - inkludert ei kritisk haldning til rådande oppfatningar og politiske initiativ - men i staden for vert det formulert nærmast ei aktivistisk rolle