Bondebladet
24.02.2021
Inger Marie Lien, kommunikasjonsrådgjevar Sparebanken Sogn og Fjordane
Bøndene har lagt bak seg eit særs godt produksjonsår i 2020. Mjølkeproduksjon er berebjelken i landbruksnæringa i Vestland. For eitt år sidan var mjølkeprodusentane forberedt og klar for å redusere produksjonen sin. Vi drakk mindre mjølk og åt mindre ost. I tillegg åt vi også mindre kjøt, lagera på slakteria var overfylte av kjøt, og prisane på norsk kjøt hadde gått nedover. Diskusjonane var store på temaet «kjøtskam». Korleis ville denne utviklinga påverke bøndene?
Les merKorona endra forbruksmønsteret vårt over natta. Vi åt meir heime og forbruket av tradisjonelle matvarer som mjølk, ost og kjøt auka vesentleg. Bøndene vart bedne om å produsere meir. Frå å skulle redusere mjølkemengd ved inngangen av året, fekk dei ved årsslutt moglegheit til å produsere til saman 9 % meir enn det som var planla