AddToAny

Vera. Sjukepleiar

Vera. Sjukepleiar
Her kan du høre dette innlegget som podkast: Musikk: «Quentin» av Strong Suit, lisensiert under CC BY-SA 4.0. Eg låser sykkelen og tek av hjelmen. Har blitt meir nøyen med hjelm nå som vinteren er på veg. Kvar dag er litt kaldare.
Graset ber kvit frost om morgonane, vegane kan vera glatte. Eg har ikkje piggar på sykkeldekka. Vil ikkje detta. Vil ikkje slå hovudet, få hjerneristing eller hjernebløding. Vil ikkje ende opp på ein intensivpost, eller på nevrokirurgisk avdeling, ikkje som pasient, så eg tek på hjelmen kvar morgon, sjølv om det får meg til å sjå teit ut med det store pannebandet under.

Eg låser meg inn. Skrur av alarmen. Låser opp vaktrommet, som også er mitt kontor. Vårt kontor. Eg heng av meg ytterkleda og tenker på då eg som lita drøymde om å bli popstjerne, psykolog eller forfattar. Det måtte bli ein av dei tre.

På kjøkenbenken står det tomme pizzaesker etter fagkvelden me arrangerte for dei frivillige kvelden før. Me lærte meir om tortur, og om korleis me kan finne spor av det. Ulike typar arr og merke, etter ulike typar slag med ulike instrument. Korleis me kan snakke om temaet med våre pasientar.

Me spør dei som kjem for fyrste gong, om dei har vore utsette for vald eller anna misbruk. Om dei synest det er i orden å snakke om. Dei fleste svarar ja. Nokre deler også grufulle opplevingar.

Eg set på kaffi og ryddar bort pizzaeskene. Fyller oppvaskmaskina, set den på. Ryddar på plass nokre stolar, tømmer bosset. Å rydde er ofte også ei oppgåve sjukepleiarar gjer. Å vera sjukepleiar er meir enn å ha eit klinisk blikk. Ein må også ha praktisk sans.

På laboratoriet finn eg tre konvoluttar i kjøleskapet. Tre posar fulle av prøveglas med blod. Eg tek dei med til pulten min. Går tilbake og hentar kaffi, låner også med meg radioen frå venterommet.

Å sjå over blodprøvane krev ikkje mykje konsentrasjon. Eg kan høyre morgonnytt medan eg sjekkar dei. På radioen seier dei at 85 000 born har døydd av svolt i Jemen dei siste tre åra grunna borgarkrigen. Eg ser for meg tevebileta av dei utsvelta borna.

Der skulle eg ha vore. I Jemen. Hjelpt dei ungane. Gitt dei mat og medisin. Kanskje også omsorg. Men eg veit ikkje om eg tør. Eg trur ikkje eg tør å reise dit. Det er for utrygt med all bombinga. Eg er her. I Noreg. I Oslo.

Eg kan også gjere nytte for meg her på Helsesenter for papirløse migranter. Å jobbe her kjennest ofte litt som å vera i felt. Berre at alt her er trygt og lett. For meg. Ikkje for pasientane våre.

Eg slår opp pasientar i journalsystemet på datamaskina. Må finne nummer eg kan skrive opp på blodprøvane. Laboratoria på Oslo universitetssykehus vil ha personnummer på alle prøvar. Våre pasientar har ikkje det, så eg lagar hjelpenummer basert på nummer frå vår journal. Når eg er ferdig, ringer eg etter bod som kan levere prøvane for meg.

Eg er aleine på helsesenteret. Sjefen min er på møte på Stortinget. Han vil be politikarane ta ansvar for våre pasientar. Alle har rett på grunnleggande helsehjelp etter FN sine menneskerettar. Artikkel 12 i Den internasjonale konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettigheter seier: «Konvensjonspartene anerkjenner retten for enhver til å ha den høyest oppnåelige helsestandard både i fysisk og psykisk henseende.» Slik er det ikkje for alle i Jemen.

Slik er det ikkje for alle i Noreg heller.

I forskrift om rett til helse- og omsorgstjenester til personer uten fast opphold i riket står det at «alle som oppholder seg i riket, har rett til øyeblikkelig hjelp». Vidare står det at «helsehjelp som er helt nødvendig og ikke kan vente uten fare for nært forestående død, varig s

Les mer

Flere saker fra Sykepleien

Andrzej Gorecki er sykmeldt, men får ikke sykepenger. Han forstår ikke hvorfor.
Sykepleien 20.02.2024
Kanskje er det alderen, men jeg klarer bare ikke å mønstre den store begeistringen for den siste kunstig intelligens-bølgen.
Sykepleien 06.12.2023
Det finnes ikke en stor reserve av sykepleiere, viser denne studien. De aller fleste har relevante stillinger, selv om de ikke arbeider med direkte pasientkontakt.
Sykepleien 13.10.2023
DU VET KANSKJE at du har pensjonen din i KLP og at du har «offentlig tjenestepensjon», men vet du hva dette egentlig betyr for deg?
Sykepleien 13.10.2023
Sykepleie er som jazz. Hva kjennetegner jazz? Improvisasjon.
Sykepleien 28.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt