Foto: Ola Sæther
Istanbul
Det var fredag formiddag rettssaka mot UiOs menneskerettsprisvinnar Ishtar Gözaydin begynte i domstolen i den enorme rettsbygningen eit stykke utanfor Istanbul sentrum.
Tidslinje for menneskeretts-prisvinnaren Ishtar Gözaydin:
Juli 2016: Får sparken frå jobben som professor ved Gediz University i Izmir etter å ha sendt vidare ei twittermelding som oppfordra folk til å protestera mot unntakstilstanden og forslaget frå presidenten om å gjeninnføra dødsstraff i Tyrkia.
September 2016: Blir stansa på flyplassen i Istanbul på veg til ein forskarkonferanse på Sicilia. Får beskjed om at ho har utreiseforbud og ho må levera inn passet.
20. desember 2016: Politiet kjem til husværet hennar og arresterer henne. Ho blir sendt med fly til Izmir. Der blir ho sett i varetekt i politiarresten i åtte dagar.
2017: Frå januar til 1. april sit ho og sonar ein dom på 94 dagar i kvinnefengselet i Izmir.
Saka hennar blir flytta til Istanbul. Ho er skulda for å vera medlem i ei væpna terroristgruppe. Ho risikerer å få ein dom på 15 år. Rettssaka startar 12. september, men blir truleg ikkje ferdig før i november.
August 2017: UiO gjer kjent gjennom Uniforum at Ishtar Gözaydin får UiOs menneskerettspris for 2017. Avgjerda er tatt av universitetsstyret.
November 2017: Ishtar Gözaydin får utdelt UiOs menneskerettspris utan å k