Det går fram av eit brev som er sendt Hanban, hovudkvarteret i Beijing for dei verdsomspennande Konfutse-institutta.
Vi har ingen erfaringar som tilseier at akademisk fridom ikkje blir respektert. Annelin Eriksen Viserektor for internasjonale relasjonar, Universitetet i Bergen
I den nye formuleringa heiter det at ingenting skal avgrense eller påverke den akademiske fridomen og heller ikkje reguleringar mot diskriminering (non-discrimination policies) ved universiteta som deltek i samarbeidet. I forslaget til ny paragraf blir det understreka at universiteta og dei tilsette skal ha rett til å bestemme innhaldet på pensum og undervisningsformer.
Rektoratet: - Viktig verdi for oss
Ifølgje viserektor for internasjonale relasjonar ved Universitetet i Bergen, Annelin Eriksen, er ingenting endra sidan i fjor når det gjeld forholdet til Konfutse-instituttet og Hanban.
- Vi har ingen erfaringar som tilseier at akademisk fridom ikkje blir respektert i avtalen. Men dette er ein viktig verdi for oss. Når vi har eit så strategisk fokus på Kina som