Eg har arbeidd med innovasjon i forsking og utdanning i cirka tolv år. Dessutan har eg undervist i det næringsorienterte Media City Bergen i fem år. Ikkje nok med det, eg er til og med leiar for eit HK-dir-finansiert prosjekt med namnet «Innovasjonspedagogikk for medieutdanningar». Kan det bli verre?
Kritikken frå Vogt rammar mi verksemd midt i planeten, utan at han nødvendigvis hadde meg i tankane. Eg er ein av dei akademikarane som har lykkast med å få pengar ved å laga søknader med ordet innovasjon i seg. Eit dusin unge folk får lønn ved hjelp av desse pengane, og dei underviser og gjev råd til hundrevis av studentar i Bergen, Stavanger og Volda. Tiltaket er meint å bidra til innovasjon i akademia, og eg bidreg dermed til å vatna ut dei edle verdiane i grunnforskinga (musikken byrjar, alle reiser seg og held handa for brystet
Eg anerkjenner at Chelsom Vogt har gode poeng i kronikken sin. Det skjer ei gigantisk omstilling der universitetet vert forventa å bidra meir aktivt til verdisk