Denne veka starta Honours-programmet i realfag og i humaniora opp på Universitetet i Oslo. Dei 20 studentane vann kampen om å koma inn på Noregs mest populære studium i 2019. Det var den 23. juli,då søknadstala kom frå Samordna opptak at det viste seg at søkjarane både frå vidaregåande og dei med litt fleire ekstrapoeng hadde fått med seg at dette var eit studium som dei gjerne ville gå på. Resultatet blei at dei som kom inn var på same karakternivå som dei som kom inn på profesjonsstudia i medisin, psykologi og rettsvitskap.
Uniforum helsar Honours-programmet i realfag og i humaniora velkomen. Me synest at dei fortener den suksessen det har hatt, og me er visse på at både studentane og førelesarane deira vil få stor gle