Dei 18 har fått i oppdrag å utgreie dei sosiale, teknologiske, juridiske og økonomiske rammene for ytringsfridom i dagens samfunn.
Men nokre spesifikke område i samfunnet er definert utanfor mandatet.
Det er som om opplysningsdelen av den offentlege samtalen ikkje skal sjåast på. Kristian Gundersen Professor ved UiO
Kommisjonen skal nemleg ikkje sjå på ytringsfridomen sine kår blant anna på skulane, universiteta, høgskulane og forskingsinstitutta.
I stuss over avgrensing
:
«Utdannings-, forsknings- og utviklingssektorene har også vært regnet som deler av samfunnets infrastruktur for ytringsfrihet, jf. St. meld. nr. 26 (2003-2004) pkt. 7.6.4, men omfattes ikke av kommisjonens mandat. Disse sektorene reiser spørsmål av en noe annen karakter, f.eks. knyttet til utdanningssystemets rolle for egenutvikling og demokratisk deltakelse osv, som best kan vurderes i andre sammenhenger».
Det har fått fleire til å reagere.
- Dette er ei veldig spesifikk avgrensing. Kvifor har dei valt å ta ut akkurat desse sektorane? Betyr det at ytringsfridomen i forsking- og utdanningssektorane er i ei særstilling som ein må sjå på spesielt? Eller er det fordi desse sektorane har eit viktig vern som ein ikkje treng å sjå på no, spør varslar og tidlegare lærar, Simon Malkenes.
Med alt oppstyret rundt hans i mars 2018 i bakhovudet, meiner han det er ekstra spesielt.
Det han prøvde å bringe til torgs var ein kritikk av inntakssystemet i Oslo-skulen, men enda opp med å bli ein års lang deb