Uniforum
04.01.2018
Det kan koma ein ny bygning med bustader og mottak for internasjonale forskarar ved Blindern stasjon. Idéen har eigedomsdirektør John Skogen ved UiO nyleg lufta overfor Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO).
TOMTA: Dette er ein del av området der UiO i samarbeid med SiO kan byggja ei blokk med husvære til alle internasjonale forskarar ved UiO. I dag har Parkavdelinga sin driftstasjon der.
Les merFoto: Ola Sæther
Tanken er at Blindern stasjon skal bli Blindernporten og gi både studentar og forskarar eit godt førsteinntrykk av Universitetet i Oslo.
- I dag er ikkje Blindern stasjon særleg tiltalande med svære og dominerande gangbruer, synest eigedomsdirektør John Skogen. Det er noko han ynskjer å gjera noko med. - UiO vil derfor ta kontakt med Oslo Sporveier og Oslo kommune for å høyra om me kan få til noko i fellesskap, slår han fast. Også i 1999 ville UiO gjera stygg stasjon skjønn. Den gongen var det dåverande rektor Kaare R. Norum som ynskte det.
Les i Uniforum: Stygg stasjon blir skjønn?
Blindern sta