AddToAny

UiO vil halda fast på dagens to styringsmodellar for universitet og høgskular

UiO vil halda fast på dagens to styringsmodellar for universitet og høgskular
Universiteta og høgskulane må sjølve få velja mellom å ha ein vald rektor som også er styreleiar eller å ha ein tilsett rektor med ekstern styreleiar. Det går eit samrøystes universitetsstyre på UiO inn for.
I går var det eit ekstraordinært styremøte i Universitetsstyret på UiO. Den einaste saka som stod på dagsordenen var forslaget frå UiO til høyringsfråsegn til utkastet til ny lov for universitet og høgskular.

Ikkje overraskande gjekk Universitetsstyret i forslaget til høyringsfråsegn imot ei einskapleg leiing der ein rektor anten han eller ho er vald eller tilsett, alltid skal ha ein ekstern styreleiar oppnemnt av Kunnskapsdepartementet. Det var den løysinga som fleirtalet i Auneutvalet gjekk inn for då det la fram forslaget til ny lov for universitet og høgskular 13. februar i år.

Les meir i Uniforum:

Har fungert fint for institusjonane

I det ekstraordinære styremøtet på UiO stemte alle for mindretalet i Auneutvalet sitt forslag om å lata institusjonane sjølve velja mellom vald rektor som også er styreleiar og tilsett rektor med ekstern styreleiar. Styrerepresentant Olav Gjelsvik meinte at det kunne argumenterast for at det var to styringsformer som har fungert fint for institusjonane. Dermed kunne også eksternt styremedlem Idar Kreutzer støtta den delen av høyringsfråsegna, nettopp fordi den modellen han helst vil ha, tilsett rektor med ekstern styreleiar, er ein av dei to modellane mindretalet i Auneutvalet gjekk inn for.

- Eg minner om at når representantane for Oljefondet tar ordet i generalforsamlingar til amerikanske selskap der den administrerande direktøren og styreleiaren er den eine og same personen, stemmer dei alltid imot den ordninga, fordi dei ser på det som rolleblanding, var argumentet han brukte for å forsvara den føretrekte modellen sin.

Universitetsstyret støtta også punktet i forslaget til høyringsfråsegn om at UiO vil halda fast med ordninga om å tilsetja den administrerande direktøren, altså universitetsdirektør, på åremål. Det har fungert godt, vert det understreka.

«Rektor kan ikkje vera styreleiar og inspirera seg sjølv»

Det var advokat Helga Aune som leia utvalet som la fram forslaget til ny lov for universitet og høgskular. Det mest revolusjonerande forslaget fleirtalet i utvalet kom med. var at også dei institusjonane som har vald rektor, i framtida også skal ha ein ekstern styreleiar oppnemnd av Kunnskapsdepartementet.

Då grunngav Helga Aune forslaget med at rektor skal vera toppsjefen med einskapleg leiing. - Som toppsjef overalt elles i næringslivet, så tenkjer ein at styreleiaren skal vera med på å sparra og peika på perspektiva framover, inspirera i tillegg til å driva kontroll. Og den funksjonen der er betre å oppnå med ein einskapleg leiingsmodell som me føreslår enn når rektor skal vera styreleiar og inspirera seg sjølv og kontrollera seg sjølv, sa ho til Uniforum då ho hadde overlevert rapporten.

Den dagen forslaget først blei kjent, gjekk rektor Svein Stølen hardt ut mot det.

- Eg tenkjer at dei er i ferd med å løysa eit problem som ikkje eksisterer. Universitetet i Oslo funge

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt