I 2023 vil Universitetet i Oslo sitt forskingsfartøy"Trygve Braarud" vera 40 år.
- Me har fått klare signal om at "Trygve Braarud" må oppgraderast om me skal halda fram med å bruka det etter den tid. Derfor har me funne deit meir forsmålstenleg å planleggja å byggja eit nytt forskingsskip, opplyste Mat.Nat-dekan Morten Dæhlen om bord på MS Sunnhordland under Arendalsuka i går. Og professor i marinbiologi Stein Kaartvedt kunne saman med dekanen og skipsførar Sindre Holm også visa fram ein animasjonsmodell av eit slikt forskingsskip som dei kan tenkja seg å få bygt.
- 30 m langt med ekstra dekk
- Det er eit skip som vil vera 30 meter langt og ha eit ekstra dekk slik at det er plass til undervisningsrom om bord. Grunnen til at det ikkje er større, er at me akkurat som med forskingsfart