Det skal også arbeidast for at annan transport enn fly blir ein del av tilbodet frå reisebyrået UiO har ein rammeavtale med, står det i utkastet til tiltaksplanen. Utkastet skulle opphavleg berre opp som ei diskusjonssak i universitetsstyret. Det blei likevel til slutt lagt fram som ei innstilling til vedtak frå universitetsdirektør Arne Benjaminsen. Og då blei utkastet til tiltaksplan samrøystes vedtatt.
Kunnskapsproduksjon
I møtet i universitetsstyret var ekstern representant Idar Kreutzer svært klar på at dette er ein viktig plan for UiO.
- I Stortinget ligg det no ein plan for innovative innkjøp. Det krev andre typar innkjøpskompetanse enn i dag. Ved Schiphol-flyplassen utanfor Amsterdam vedtok dei å utlysa innkjøp av lyspærer som ei teneste. Philips fekk kontrakten, men då blei målet at lyspærene skulle fungera lengst mogleg i staden for at selskapet berre skulle ver