- Ja, det er klart. No har me ein avtale som gjer at fleire studentar, doktorstipendiatar og vitskaplege tilsette ved UiO har høve til å byggja opp samarbeid med kinesiske forskarar og dra på studieopphald eller på feltarbeid i Kina, seier ho.
Får eigen ph.d.-stipendiat
Både UiO og Zhejiang University har gitt støtte til senteret og HF har gjort det mogleg å lysa ut eit 4-årig ph.d.-stipend.
- Den som blir tilsett, skal jobba ein fjerdedel av arbeidstida med å utføra administrative oppgåver for senteret.
Senteret ber det offisielle namnet Sino-Norwegian Centre for Research on Society and Environment (SINORSE). Det er kome i stand på initiativ frå forskarar både ved Zhejiang University, som ligg i millionbyen Hangzhou, og Universitetet i Oslo.
- Me har samarbeidt med kvarandre i det fem år lange Airborne-prosjektet som var finansiert av Noregs forskingsråd. Då det gjekk mot slutten, hadde me lyst til å halda fram med dette arbeidet, og tanken om at me kunna etablera eit senter, blei fødd, seier Mette Halskov Hansen til Uniforum.
- Nyt