AddToAny

Ueinige om omfanget av livsvitskap i Strategi 2030

Fleire fakultet meiner det er for mykje om livsvitskap og for lite om andre forskingssatsingar i utkastet til Strategi 2030. Oslo universitetssykehus og A-hus vil derimot ha meir plass til livsvitskap.
For ei veke sidan gjekk fristen for å koma med høyringsinnspel til utkastet til Strategi 2030, ut. Uniforum har gått gjennom fleire av høyringstekstane som har kome inn frå både fakulteta, sentra og frå eksterne samarbeidspartnarar. Gjennomgangstonen er at livsvitskap anten får for stor eller for liten plass i det utkastet som no ligg føre. Dessutan meiner fleire at strategiforslaget manglar eit godt motto, er for lite ambisiøst, samtidig som dei synest språket er for dårleg eller for inkjeseiande.

Eit anna forslag som går igjen, er at UiO bør forandra ambisjonen om at alle fagområda skal bli leiande i Europa på sitt felt, men heller bør endra det til at dei skal bli internasjonalt leiande og til at fleire av dei skal bli verdsleiande på sitt fagfelt. Fleire peikar også på at UiO no bør satsa på å bli internasjonalt leiande i utdanning, slik UiO til dels har blitt det i forsking i perioden til Strategi 2020.

Åtvarar mot at livsvitskap får for stor plass

Dekan Aud Tønnessen ved Det teologiske fakultetet skriv at det er viktig for heile UiO at livsvitskap lykkast, men ikkje dersom det fører til at humaniora, inkludert teologi og samfunnsfag, inkludert jus, ikkje blir prioriterte på same tydelege måte. Ho peikar også på at det er nettopp i humsamfaga UiO ligg på topp internasjonalt. Som prov på det viser ho til QS World Ranking).

Heller ikkje Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet ved dekan Morten Dæhlen er overvettes begeistra for den breie plassen livsvitskap får samanlikna med dei andre forskingssatsingane til Universitetet i Oslo. Etter fakultetets oppfatning er ikkje det sikkert det er så lurt: «MN mener det ikke er klokt å løfte frem livsvitenskap uten å løfte frem andre satsinger. Hva med f.eks. bærekraft/energi/klima, digitalisering, mangfold og demokrati? Fakultet meiner derfor at målet kan endrast slik at det får fylgjande

«UiO skal videreutvikle de tverrfaglige satsingene UiO:Livsvitenskap, UiO: Energi og UiO: Norden.»

MN-fakultetet rår også UiO til å trekkja fram arbeidet med Oslo Science City og utviklinga av langsiktig, strategisk partnarskap med utvalde bedrifter og einingar i offentleg sektor.

Vil gi livsvitskap meir plass

Oslo universitetssykehus og A-hus skriv begge i sine høyringsinnspel at livsvitskap bør få ein endå større plass i strategien. Medan

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt