Khrono
18.01.2021
Høgskulen i Volda ville at staten skulle sørga for 30 millionar kroner til medieutstyr i nytt bygg. Men leigar må betala sjølv, seier Kunnskapsdepartementet.
I Volda har det nye mediebygget, Sivert Aarflot-bygget, reist seg. Innflytting er litt forseinka, men planen er at bygget kan takast i bruk frå hausten.
Les merNo er spørsmålet kva som kjem til å vera innhaldet i bygget. Høgskulen i Volda har bede om, og venta på, ei utstyrsløyving over statsbudsjettet etter at dåverande forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø var i Volda i august 2019 og ga klarsignal til bygging.
Men pengane er ikkje komne.
Og i eit brev frå Kunnskapsdepartementet (KD) på tampen av fjoråret, heiter det følgjande:
«De brukerfinansierte prosjektene inngaÌr i husleieordningen i staten, med Statsbygg som forvalter av bygningene. Det er en forutsetning for bruk av denne ordningen at leietakeren, i dette tilfell