Det var Det teologiske fakultetet som hadde tatt initiativet til å setja norsk gjestfridom i asyl- og innvandringspolitikk under lupa. Teologidekan Aud V. Tønnessen hadde invitert teologiprofessor Trygve Wyller, seniorrådgjevar Pål Nesse frå Flyktninghjelpen og politikarane Torhild Bransdal (KrF) og Kristin Ørmen Johnsen (H) til å drøfta spørsmålet.
Teologiprofessor Trygve Wyller leier forskingsprosjektet NordHost, som handlar om nordisk gjestfridom. Han innleidde med å visa til moskéåtaket i Bærum førre helg og drapa på 77 personar i regjeringskvartalet og på Utøya i 2011.
- Både den nye terroristen som stod bak åtaket på moskeen i Bærum førre helg og den gamle terroristen som stod bak 77 drap i regjeringsbygningen og på Utøya i 2011, seier begge at dei representerer våre verdiar som dei kallar for kristendom, peika han på.
- Ivaretaking av liv
Trygve Wyller meinte likevel det var noko heilt anna som kjenneteiknar våre verdiar.
- Ivaretaking av liv er også blant våre verdiar. Tradisjonen med at kyrkjene og hospitala var begge delar går 800 til 1000 år tilbake i historia, trekte han fram og viste eit bilete frå Tøyenkirken på Grønland der Kirkens Bymisjon hadde lagt ut madrasser i kyrkja til romfolk som var utan husrom.
- Dette er ei gjenoppretting av det gamle klosterhospitalet. I dag går denne gjestfridomen føre seg i sivilsamfunnet og ikkje i velferdssamfunnet, slo han fast. - Velferdssamfunnet tar seg i dag av nesten alle som treng hjelp, men dei er nesten alle norske, hadde han merka seg.
- Svenske tilstandar