Khrono
04.12.2020
Norske studentdemokrati har rapportert korleis dei har opplevd dei første koronamånadane. Dei rapporterer om meir involvering, men òg om mange studentar som er frustrerte over undervisninga dei har fått.
Kvart år dei siste åra har Norsk studentorganisasjon (NSO) levert ein tilstandsrapport, basert på spørjeundersøking sendt ut til studentorganisasjonane ved norske universitet og høgskular. I årets undersøking er det særleg korona som er tema. Målet har vore å finne ut av korleis institusjonene har handtert ein annleis og lite føreseieleg situasjon og korleis dei har involvert studentdemokratia i prosessen.
Les merNSO-leiar Andreas Torhjell gir skryt til institusjonane for å ha tatt studentane med i leiargrupper og beredskapsgrupper. Undersøkinga viser at mange studentrepresentantar har vorte inkludert i slike grupper, og dei har kommentert at dette har ført til god kommunikasjon og informasjonsflyt mellom ledda.
- Studentane sin argumentasjon har ikkje endra seg: Dei ønskjer å vera med i slike grupper fordi ein då får tilgang på informasjon. Eg trur pandemien har gjort at det har gått opp eit lys for mange insitusjonar, dei ser at ved å ha med studentane fangar ein opp ein del saker, seier Trohjell.