Khrono
02.12.2021
At studiestaden på Nesna framleis skal vere underlagt Nord universitet sitt styre er sentralisering på nytt, og kan vanskeleg seiast å vere uttrykk for ein ny kurs frå regjeringa, skriv Arna Meisfjord.
Hurdalsplattforma si formulering om fullverdig høgare utdanningsinstitusjon på Nesna, struttar av energi, ny kurs og bygging av landet! Heile landet! Utdanningsinstitusjonar i bygd og by! Senter for utdanning, forsking og utviklingsarbeid i distriktsperspektiv! Utdanning av lærarar, barnehagelærarar og sjukepleiarar som velferdsstaten, lokalsamfunna og næringslivet treng!
Les merMen så kjem tilleggsproposisjonen til statsbudsjettet og Borten Moe sin nytale om Hurdalsplattforma. Visjonane og krafta er borte og i staden for ein sjølvstendig institusjon, skal sambuaren tilbake til den valdelege eksen.
Nord har ikkje ønska å ha ansvar for Nesna og det distriktsperspektivet som ligg her. For stort er best! Trass i den massive motstanden frå kommunane, frå heile Helgelandsregionen, frå studentane og dei tilsette til Nord sitt forslag om nedlegging av campus Nesna i 2019, så lytta ikkje No