Khrono
27.01.2021
Alle studentar som har vore i Sunnfjord kommune dei siste ti dagane vert no koronatesta. Bakgrunnen er eit smitteutbrot blant studentar i Førde.
8 studentar har fått påvist koronavirus, 15 er sett i isolasjon og mange fleire i karantene. Det er status i Førde. Her har Høgskulen på Vestlandet (HVL) campus, og både sjukepleiar- og ingeniørutdanning.
Les merBåde Sunnfjord kommune og Helse Førde stoppar all praksis inntil vidare, skriv Bergens Tidende. Og no skal alle studentar som har vore i kommunen dei siste ti dagane testast. Det seier kommuneoverlege Øystein Furnes til Khrono.
- Me testar alle, ikkje berre dei som skulle hatt praksis. Når dei har fått negativ test kan dei som skulle hatt praksis, gå tilbake, seier Furnes.
H