AddToAny

TØRT FÔR MED BRUKBAR KVALITET

TØRT FÔR MED BRUKBAR KVALITET
Fôrprøvene hittil i år viser ei positiv utvikling når det gjeld energiverdien, men vêr obs på at proteinet kan vere lågt. Det høge tørrstoffet på 1.slåtten er bra for gjæringskvaliteten og fôropptaket.
Tilbakemeldingar frå ulike delar av landet tyder på at grasavlingane i år er gode i Sør-Norge. Det er meir variabelt på Nordvestlandet, Trøndelag og nordover. Særleg i indre strøk, der det var mykje snø lenge, er det rapportert fôrmangel, men tilgangen for å få kjøpt fôr skulle vere bra. Med to gode avlingsår i sør så er det mange som no har fulle fôrlager, og venteleg vil utnytte grovfôret dei har. Men korleis har det gått med kvaliteten?

Høgt tørrstoff på 1.slåtten
Karakteristisk for årets 1.slått er høgt tørrstoff. Lange periodar med fint vêr i juni gav spesielt gode hausteforhold, og muligheiter til å slå fôret når ein ønskte. Alle fylka, bortsett frå Vestfold og Telemark, har høgare tørrstoff på 1.slåtten enn i fjor. Lågast er det i Vestland med 33,7 prosent (26,1 prosent i fjor) og høgast i Viken med 42,4 prosent (40,7 i fjor) og Vestfold og Telemark med 42,0 (44,0 prosent i fjor). Det er særleg område med mykje ustabilt vêr der tørrstoffet vanlegvis er lågt som vil merke dette mest. Høgt tørrstoff gir meir fôr i rundballane eller siloen, og ein slepp transport av ein del vatn. På 2.slåtten er tørrstoffet meir likt i fjor med eit gjennomsnitt på 33,0 prosent på landsbasis. God fortørking gir mindre gjæring og meir sukker, og gir grunnlag for god appetitt på fôret, høgare fôropptak og betre feittprosent i mjølka. For høg tørrstoffprosent kan gi vanskelegare ensileringsforhold som kan gå ut over den hygieniske kvaliteten (mugg og gjærsopp). Mellom 30 og 40 prosent tørrstoff er gjerne det beste.

Midde
Gå til mediet

Flere saker fra BUSKAP

I kommunane Sogndal og Luster har me nokre produsentar som kastrerer oksekalvane sine, og ved å ta dette grepet, kan dei tømma fjøsen om sommaren og sleppa kastratane på utmarksbeite saman med resten av flokken.
BUSKAP 05.04.2024
Det blir arrangert Teams-møte med opplæring for nye Geno-kontakter torsdag 11. april kl. 10.00-11.00. De nye Geno-kontaktene får en egen innkalling til det digitale møtet.
BUSKAP 05.04.2024
De neste generasjonene av norske bønder blir svært viktige når landbruket skal omstilles. Innovasjon Norge har en stor verktøykasse tilgjengelig. På geno.
BUSKAP 05.04.2024
Duskete haler er kjekke å ha til å vifte vekk fluer med, men av hygieniske årsaker bør duskene klippes av når dyra tas inn på høsten.
BUSKAP 05.04.2024
En undersøkelse ved Virginia Tech i USA konkluderte med at 14,4 prosent av drektige kyr viste utslag på aktivitetsmålet som kan mistolkes som omløp.
BUSKAP 05.04.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt