Bondebladet
02.12.2021
Ein fersk forskingsrapport viser at innbyggjarane i Sveio er best tjent med å flytte inn i Rogaland. Det meiner ikkje Gjertrud Svartveit Osmundsen, leiar i Sveio Bondelag. Gjertrud Svartveit Osmundsen
Sveio er den sørlegaste kommunen i Vestland fylke. Han ligg på ei halvøy som peiker nordover og grensar til Haugesund og Tysvær i Rogaland fylke. I januar skal det vera folkeavstemming om kommunen skal gå inn i Rogaland.
- Telemarksforskning har laga ein dårleg rapport, særleg på landbruk. Det sa eg til både forskarar og politkarar på følkemøtet nyleg, seier Osmundsen.
- Forskaren som har laga rapporten går ikkje inn i landbruket, i alle fall ikkje djupt nok. Dei har ikkje snakka med folk. Dei skulle snakka med tidlegare lokallagsleiar i Sveio, men han var oppteken med slåtten då dei ringte, og dei ringte aldri på nytt. Det er ikkje bra, og dei har ikkje snakka med landbrukskontoret heller. Forskarane har s